Eit fleirtal på Stortinget ønskjer å grunnlovsfeste allemannsretten. Det er gledeleg. Forslaget er fremja av SV, og det får støtte frå Ap, Høgre, Venstre, Raudt og MDG. Allemannsretten, som sikrar alle rett til ferdsel i naturen, er ein viktig del av den norske kulturarven. Denne retten har eksistert i Norge gjennom fleire hundre år, og er forankra i friluftslova frå 1957. Retten bør sikrast for framtida ved å gi den plass i Grunnlova.

Eit tilsvarande forslag frå SV er blitt nedstemt tidlegare, men fredag, på den siste dagen i Stortinget før sommarferien, fekk forslaget fleirtal. Når paragrafar i Grunnlova skal endrast, må forslaget fremjast i ein periode, og stemmast over i den neste. Det betyr at dette forslaget må opp til avstemming i neste periode, før allemannsretten kan bli inkludert i Grunnlova.

Allemannsretten blir ofte framstilt som eit fenomen Norge er åleine om, men slik er det ikkje. Retten til å ferdast fritt i skog og utmark vart lovfesta i Sveits i 1907, og i Norden var Island først ute. Seinare har både Sverige og Finland innført allemannsrett, og i Sverige er den grunnlovsfesta. Andre land i Europa har lover som i varierande grad sikrar folk tilgang til naturen, men på mange språk finst det ikkje ord som betyr allemannsrett og friluftsliv.

I tidlegare tider var allemannsretten med på å jamne ut økonomiske skilnadar i Norge, og sikre at fattige kunne hauste frå naturen. I dag er retten viktig for å sikre fridom og likeverd. Retten til å bruke naturen gjeld alle, og det betyr samtidig at vi alle har ansvar for å ta vare på miljøet og vise omsyn til andre brukarar. VI må sørge for at naturen ikkje blir forsøpla eller misbrukt. Denne kombinasjonen av rettar og plikter må lærast og formidlast vidare til nye generasjonar.

Vi veit ikkje kva utfordringar som møter oss i åra framover, og alt kan ikkje regulerast i detalj. Grunnlova skal fastsette grunnleggande reglar for vår styreform, og verne om menneskerettane. I tillegg skal lova gi uttrykk for viktige verdiar som samfunnet vårt byggjer på. Allemannsretten er viktig både for norsk kultur, identitet og den nasjonale fellesskapen. I Norge er det ein god balanse mellom eigedomsretten og allemannsretten, og det må vi sikre for framtida. Eigedomsretten er alt stadfesta i Grunnlova, og det same bør gjerast med allemannsretten.