Sunnmørsposten meiner:

«Vernet av strandsona bør styrkast»

Press: Hytter og hus okkuperer mange stadar i landet området i 100-metersbeltet. Størst press på strandsona er det i sør, men i alle fylke blir mindre tilgjengeleg for fri ferdsel.   Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Leder

Fri tilgang til å ferdast strandsona for folk flest er ein stor verdi. Mange stadar er dette i ferd med å bli eit svært eksklusivt gode.

Denne retten bør ikkje gjerast endå meir ekslusiv.

Tvert om så bør bygging i strandsona leggast under sterkare styring. Areal som er nedbygd, er for generasjonar framover tapt for fri ferdsel.


Ein tredel av strandsona er utilgjengeleg for folk flest

Hus, vegar og jordbruk tek opp 30 prosent av strandsona i Noreg og avgrensar tilgangen for ålmenta.


Norge har ein svært lang kyst, og presset mot strandsona varierer mykje. Nokre stadar har folk god tilgang til ubebygd strandsone for friluftsliv, rekreasjon og naturoppleving. Andre stadar er strandsona sterkt nedbygd, privatisert og oppdelt på ein slik måte at det i praksis truar allemannsretten.

Statistisk sentralbyrå (SSB) sin siste statistikk fortel at rundt 70 prosent av strandsona i indre Oslofjord er utilgjengeleg for allmenn ferdsel og opphald.


Rådmannen om reguleringsplan for Prinsen:

Må ta mer hensyn til allmennheten

Litt mindre areal til boliger, turvegtrasé vekk fra strandsona og offentlig leikeplass. Dette er blant endringene rådmannen i Ålesund ønsker i forslaget til reguleringsplan for Prinsen.


Ser vi heile kysten under eitt, er det minst tilgjengeleg areal på strekninga frå svenskegrensa til Sørlandet. Størst press er det naturleg nok rundt dei store byane og på delar av kysten som er særleg populære blant hyttefolket.

Likevel er det grunn til uro også for resten av kysten. I alle fylke blir meir og meir av strandsona nedbygd. I Møre og Romsdal er no nærare 40 prosent av strandsona ikkje lenger fritt tilgjengeleg.

Sjølv om storleiken på arealet som kvart år vert nedbygd, går ned, er det likevel grunn til å stille spørsmål ved strandsonevernet. Sivilombodsmannen slår i ei ny undersøking fast at det snarare er regelen enn unntaket å gi dispensasjon frå byggjeforbodet.


Friluftsforum reagerer:

Protesterer på luksushytte i strandsona

Ei eksklusiv hytte på Langneset i Skodje kjem i konflikt med friluftsinteresser og ålmenta sin tilgang til strandsona. Det meiner Forum for natur og friluftsliv i Møre og Romsdal. 


Sjølvsagt kan ikkje frilufts- og naturverninteressene alltid trumfe alt anna. Strandsona er også attraktiv for både bustad- og hyttebygging, samferdsel og næringsverksemd.

For streng handheving av forbodet kan leggje ei klam hand på utviklinga i mange samfunn som har sin leveveg på havet. Ein må tillate dispensasjonar for aktivitet som må lokaliserast nær sjø.

Ein bør likevel i størst mogeleg grad konsentrere næringsbygg, bustader og hytter om mindre område i staden for å stykke opp kystlinja med spreidd nedbygging.


NRK: Regjeringen vil gjøre det enklere å bygge i strandsona

Et forslag fra regjeringen skal gjøre det enklere for distriktskommuner å bygge i strandsona, skriver NRK.


Når Regjeringa no gjer framlegg om å gjere det lettare for enkeltpersonar å få dispensasjon frå byggjeforbodet utanfor pressområda, er det likevel ikkje bygging av næringshamner, sjømatbedrifter og verft som gir grunnlag til størst uro.

Faren er at dette kan sleppe opp for nedbygging, privatisering og oppdeling av strandsona av bygg som berre blir lagt dit fordi det er der dei mest eksklusive og attraktive tomtene ligg.