Kappløpet om å utvikle effektive vaksinar mot covid-19 er på veg inn i siste og avgjerande runde. I målområdet står ein minst like hard kamp om å stå først i køen når ein vaksine er klar.

Fleire land har inngått store avtalar med medisingigantane for å sikre seg vaksinar til si befolkning. Slik kan vi risikere at dei som treng vaksinen mest, får den sist.

Norge bør arbeide for ei meir rettvis fordeling av vaksinane enn det som ser ut til å bli resultatet no.

Så langt er over 160 vaksinekandidatar under utvikling. Etter det Verdas helseorganisasjon (WHO) opplyser, skal 23 av desse ha kome så langt som til testing på menneske.

For dei store private medisinalkonserna handlar dette om langt meir enn prestisje, liv, død og folkehelse. Enorme pengesummar er i spel. Dei store internasjonale konserna legg ned store summar i utviklingskostnader.

Gevinsten for den som passerer mållinja først, er solid profitt.

Størst utsikter til profitt er det om konkurransen mellom kundane er hard. Det er den akkurat no. Fleire land har inngått avtalar om store kvanta av vaksinedosar, lenge før ein veit kven som vinn kappløpet.

Storbritannia har nyleg gjort avtalar om kjøp av til saman 230 millionar dosar av tre ulike vaksinekandidatar. USA skal ha bestilling inne hos fem ulike konsern, og prøvde tidleg å sikre seg eksklusiv lisens frå eit tysk firma. EU har sett av 2,7 milliardar euro til felles innkjøp.

Ein annan gigant i dette kappløpet er Kina, på begge sider. Landet har verdas største befolkning og verdas nest største økonomi. I tillegg er åtte av dei 23 vaksinekandidatane som har gått vidare til testing på menneske, utvikla i Kina.

Norge sin plass har tatt plass i dette kappløpet i ein allianse med fleire andre europeiske land. Helseminister Bent Høie (H) har uttalt dette fort kan bli ein kamp der alle kjempar mot alle, og seier det er viktig at Europa sikrar seg sin del.

Truleg vil vi ha gode sjansar. For det første kan vi leggje hard valuta på bordet, og dessutan gir det forhandlingsstyrke i å stå i ein allianse med blant andre Tyskland og Frankrike.

Verre er det med land som står nedst på stigen, som både er fattige, er utan eigen medisinindustri og står utanfor mektige alliansar.

Dessverre er fleire av desse landa også hardast ramma av koronaviruset.

Vi såg det same i kampen om medisinsk verneutstyr og respiratorar der reine mafiametodar vart nytta. Dei som trengde det mest, var dei som fekk det sist.

La oss ikkje få ein reprise på det.