Sunnmørsposten meiner:

Stå opp mot hets og trugsmål

Trugsmål: Dei fleste har i dag tilgang til eit tastatur og publisering av ytringar i lomma. Nokre vel å misbruke retten til å ytre seg på ein måte som utgjer eit trugsmål mot demokratiet.  Foto: Nils Harald Ånstad

Leder

Alle har rett til å ytre seg ope og fritt i samfunnsdebatten, og vi skal sjølvsagt også tole høg temperatur. Ytringsfridomen er ryggsøyla i eit demokrati.

Sjikane, hets og trugsmål mot meiningsmotstandarar er det ikkje.

Slikt høyrer heller til ein kroppsdel lengre nede. Det er misbruk av ytringsfridomen.


Tek eit oppgjer med hetsen:

«Krevjande å vere diplomatisk etter nokon meiner du fortener ei kule»

Slik starta Arbeiderpartiets Erik Kursetgjerde et Facebook-innlegg der han tek eit nådelaust oppgjer med hetsen han møter.


Politikarar og andre som engasjerer seg i debatt blir stadig oftare utsette for netthets, sjikane og trugsmål. Tonen har blitt meir hatefull dei seinare åra.

I Sunnmørsposten fredag fortel Erik Kursetgjerde (Ap), ein av dei overlevande frå Utøya-terroren, litt av det han møter. Han har fått vite at folk «gler seg til å setje ei kule» i han. Dette er eit grovt, men ikkje enkeltståande døme.

Kursetgjerde har valt å stå i det. Han tar oppgjer med hetsen, også ved å ta direkte kontakt med fleire som har hetsa og truga. Då blir tonen gjerne ein annan.

Ikkje alle gjer som han.



Svært mange vegrar seg for å engasjere seg, særleg i debattar om kjensleladde tema. Rovdyrpolitikk, vindkraft, innvandring, religion, klima og seksuell legning er blant dei.

Temperatur har det alltid vore, og den som deltek i debattar må tole skarp meiningsbryting.

Etter at debatten har flytta over på nettmedia, har det likevel vorte tøffare. Trykket på enkeltpersonar har vorte meir massivt og debatten er meir polarisert.

Belastninga kan verte for stor, både for den enkelte og familien. Mange vel å trekkje seg.


Mæland vil ha dialogmøter om nettmobbing av politikere

Politikere, KS og organisasjonslivet oppfordres til å komme med innspill i kampen mot netthets mot lokalpolitikere.


Kvar gong det skjer, er det eit tap for demokratiet. Og det skjer ofte. I ei undersøking organisasjonen «No hate» gjorde i fjor, kom det fram at fire av ti lokalpolitikarar har blitt utsett for hatefulle ytringar.

For nær kvar tiande var dette ei medverkande årsak til at dei lét vere å stille til val att ved førre kommune- og fylkestingsval.

Resultatet frå denne undersøkinga er ikkje unik. Fleire undersøkingar har stadfesta tilsvarande. Mange lar også vere å ytre seg i debattar om kjensleladde tema i frykt for hets, hatmeldingar og trugsmål.


Fengsel for jødehets

Oslo (NTB): En 35 år gammel mann er i Oslo tingrett dømt til 45 dagers betinget fengsel for netthets av jøder og afrikanere.


Kvinner i politikken er særleg utsette, og møter sjikane og negativ merksemd knytt til kjønn, sex og utsjånad. Ei undersøking gjennomført av Amnesty Norge fortel at to av tre har opplevd slik hets.

Straffbare ytringar er ei sak for politiet. Trugsmål mot liv og helse og hatmeldingar må straffeforfølgjast.


Kvinne (70) må i fengsel etter å ha kalt samfunnsdebattant for kakerlakk

Gulating lagmannsrett har dømt en 70 år gammel kvinne til 14 dagers ubetinget fengsel for kommentarer på Facebook om forfatter Sumaya Jirde Ali.


Sjikane og hets skal vi heller ikkje tole.

Her har vi alle eit ansvar – for å oppføre oss, og for ta direkte dialog med dei som ikkje gjer det.

For våre medmenneske og demokratiet si skuld.