Når systemet sviktar, kan ein ikkje berre skulde på systemet. Ein må også peike på kven som er ansvarleg for å få systemet til å virke. Alt anna er flukt frå ansvar.

Nav-granskarane sin dom over trygdeskandalen er knallhard.

Nav har hovudansvaret. Politisk leiing i departementet har ansvar for at det fekk halde på. Framleis er begge opptekne av at det var mange andre som kunne ha reagert.

«Systemsvikt», seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Og det er rett – på sitt vis.

Når folk har blitt sendt i fengsel for trygdesvindel, trass i at det er norske styresmakter som er skuldige i feiltolking av EØS-regelverket, er det sjølvsagt fleire som har svikta.

Domstolane som har dømt dei, påtalemakta, politiet, Trygderetten og Stortinget kan stille seg i køa av skuldige. Ikkje minst bør domstolane gå kritisk i seg sjølv for å ikkje ha overprøvd påstandane frå Nav og påtalemakt.

Likevel peikar pila først og fremst på Nav og departementet.

I sin iver etter å stoppe trygdeeksporten har dei gjort sitt for å kvele alarmklokkene då dei omsider byrja å ringe.

Nav har oversett klare signal frå Trygderetten, departementet har strødd sand på Nav si vurdering og politisk leiing i departementet har vore altfor opptatt av politikken i saka.

Formuleringar i regjeringsplattforma har vorte sett framfor ofra og deira rettstryggleik. Ein har vore så fanga i si eiga forståing av virkelegheita at kritisk vurdering av ny informasjon har vorte skubba under teppet.

Skandalen fekk difor rulle vidare altfor lenge.

Granskingsutvalet er klare på at Norge har dømt folk på feil grunnlag i alle fall frå 2012. Fleirtalet i utvalet meiner det har pågått sidan 1994. Over ein så lang periode er det sjølvsagt mange som må dele på skuld.

Likevel er måten dette vart handtert på etter at Trygderetten varsla om feilen særleg alvorleg. Då hadde i alle fall «systemet» vakna. Frå då av var det andre som ikkje ville eller evna å vakne: Nav, departementet og ansvarleg statsråd, Anniken Hauglie.

Hauglie gjekk av i ei «ommøblering» av regjeringa. Nav-direktøren heldt fram til ho vart pensjonist 1. august – tre dagar før granskingsrapporten vart lagt fram. Ingen av desse har tatt ansvar.

Regjeringa og noverande ansvarleg statsråd, Torbjørn Røe Isaksen (H), ga tirsdag ofra ei orsaking utan atterhald. Det skulle berre mangle, men det er ikkje nok. No må regjeringa ta ansvar, og snarast gjere rett for urett.

Dei som er råka fortener oppreising.

Retting: Opphaveleg stod det i denne leiaren at mindretalet i utvalet meiner at folk har blitt dømt på feil grunnlag heilt frå 1994. Dette er retta til at det er fleirtalet i utvalet som meiner dette