Sunnmørsposten meiner:

Staten bør ikkje bli eigar i Norwegian

I krise: Norwegian må ha nye kriseløsninger raskt på plass så lenge store deler av flåten blir stående på bakken uten passasjerinntekter.   Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Leder

Regjeringa vil forlenge lånegarantiordninga for luftfart ut året. Dette må få følgje av fleire krisetiltak for å hjelpe flyselskapa gjennom den økonomiske turbulensen.

Krisa i luftfarten er alvorlegare og blir meir langvarig enn det først såg ut.

Krisetiltaka må likevel vere slik at dei raskt kan reverserast og at dei går til selskap som uansett vil ha overlevingskraft. Nytt statleg eigarskap bør ikkje stå langt oppe på lista over krisehjelp.


Regjeringen vil hjelpe flyselskapene ut året

Regjeringen ønsker å forlenge lånegarantiordningen for luftfart fram til nyttår. Målet er å hjelpe norsk luftfart gjennom en krevende økonomisk periode.


Norge er eit langstrakt land. Eit godt flytilbod er viktig for verdiskapinga til næringslivet, både innanlandsk og med gode samband internasjonalt. Denne delen av infrastrukturen er det viktig å ta vare på.

I dag står flyselskap i heile verda i ei djup krise.

Ifølgje FN sin luftfartsorganisasjon (ICAO) sin prognose kan dei få eit fall i 375–395 milliardar dollar i brutto passasjerinntekter i år. Størst svikt er det på internasjonale ruter, men det er også eit betydeleg fall i innanlandsruter.

Norwegian hadde store utfordringar før denne krisa. Då pandemien slo til, var selskapet berre veker unna ein konkurs, men fekk landa ein redningspakke med blant anna gjeldskutt og statleg hjelp.


Flyselskapa vil be om kontantstøtte

I eit møte med regjeringa fredag vil flyselskapa be om direkte koronastøtte, slik som resten av næringslivet har fått, melder Aftenposten/E24.


Allereie då var det klart at dette var berre ei kortsiktig redning. Selskapet har sjølv opplyst at berre sidan juni er 1,5 milliardar i cash borte. Kvar månad går 500 nye millionar i same sluket om marknaden held seg som i dag.

Norwegian er no i samtalar med regjeringa om kva staten kan stille opp med.

I denne situasjonen er det fleire som har teke til orde for at staten bør gå inn på eigarsida, og peikar mellom anna på korleis Danmark og Sverige har stilt opp med krisekapital til SAS.


SSB: Veksten i norsk økonomi vil gå saktere fremover

Norsk økonomi har hentet inn halvparten av fallet siden koronapandemien rammet i mars, men herfra vil innhentingen gå langsommere, ifølge nye SSB-prognoser.


Norwegian er ei viktig brikke i norsk samferdsle. Utan Norwegian ville vi fått eit dårlegare rutetilbod og høgre prisar som eit resultat av redusert konkurranse. Likevel er det ein dårleg idé at staten igjen skal drive flyselskap.

Det er ei dårleg løysing på lang sikt. Norge brukte lang nok tid på å kome seg ut av SAS.

Erfaringane med dei siste tiåra som SAS-eigar fortel si historie. Utviklinga i internasjonal luftfart fortel den same. Statleg eigarskap i dei fleste europeiske flaggberande selskap er avvikla, selskap har fusjonert og flybransjen er modernisert.


Statlig flyrutekjøp videreføres fra 1. oktober

Regjeringen har besluttet å gå i forhandlinger med Widerøe, SAS og Norwegian om å forlenge avtalen om statlig kjøp av flyruter fra 1. oktober.


Staten har eit ansvar til å bidra til å berge kritisk infrastruktur, men ikkje med å hoppe inn som eigarar og overta posisjonen for tidlegare risikovillige private på jakt etter gevinst.

Når denne krisa er over, vil levedyktige flyselskap igjen gi konkurransen i luftfarten luft under vengene på eit berekraftig nivå.