Sunnmørsposten meiner:

Sjømatnæringa kan ikkje alltid kome sist

Fisk og landbruk: Statsminister Boris Johnson vil ikkje gi ved dørene i forhandlingane om frihandelsavtalar, korkje med EU eller Norge. Fisk og landbruk er viktige i begge forhandlingane.  Foto: NTB

Leder

Landbruk og fiskeri blir sett opp mot kvarandre i forhandlingane om ein frihandelsavtale mellom Norge og Storbritannia. Det bør ikkje kome som eit sjokk på nokon, heller ikkje på Senterpartiet.

Norge er ei fiskeristormakt og Storbritannia er ein viktig eksportmarknad for oss.

Når Norge kjempar for sine interesser på fisk, blir ei slik kopling mellom fisk og landbruk heilt naturleg for motparten.


Bønder frykter landbruket vil bli ofret i forhandlingene med Storbritannia

Bondelaget advarer regjeringen mot å bytte landbruk mot fisk i forhandlingene med Storbritannia om en ny frihandelsavtale.


Forhandlingane er allereie på overtid. Fristen var opphavleg 9. oktober. Frå årsskiftet er det denne avtalen som skal regulere handelen mellom dei to landa.

Torsdag passerte også forhandlingane EU og Storbritannia datoen statsminister Boris Johnson har utropt som absolutte deadline. EU-toppmøtet i går og i dag skulle avklare dei siste detaljane. Slik vart det ikkje.

Partane har nærma seg, men framleis står viktige og vanskelege spørsmål att – blant anna fisk og rettane til fiskeressursar. For Boris Johnson er fisk viktig fordi dette var med på å avgjere Brexit-avrøystinga.



Ifølgje næringsminister Iselin Nybø (V) er det ikkje Norge som har kopla landbruk og fisk, men altså Storbritannia.

Likevel skuldar altså tillitsvalde i Norges Bondelag sjømatnæringa for ei «usømeleg» kopling. Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp), som elles er ein stor tilhengar av frihandelsavtalar, og spår ei framtidig svoltkatastrofe om slike avtalar svekker tollvernet til norsk landbruk.

Sjølvsagt er det viktig å verne norsk landbruk. Norsk landbruk er viktig for verdiskaping, sysselsetting, busetnad i distrikta og sjølvforsyning av mat, men det er også fiskeri- og sjømatnæringa.

Det er ikkje slik at landbruket representerer nasjonale interesser og sjømatnæringa særinteresser, slik Senterpartiet ser ut til å meine.


Sjømateksporten held seg framleis rekordhøg

Eksportverdien av norsk sjømat held seg framleis over fjorårets rekordnotering, trass i nedgang i september.


Sjømatnæringa er vår tredje største eksportnæring med ei samla verdiskaping på over 100 milliardar for 2019. Storbritannia er vår fjerde største sjømatkunde. Arbeidsplassar langs heile kysten står og fell med denne eksporten.

I tillegg eksporterer vi tusenvis av arbeidsplassar til EU fordi tollmurar, lik dei vi har for norsk landbruk, hindrar vidareforedling i Norge.


Tida i ferd med å renne ut for brexit-løysing

Dagen før forholdet til britane er tema på EUs toppmøte, står forhandlingane framleis i stampe. Onsdag snakkar Boris Johnson med EU-topp Ursula von der Leyen.


Vi må sjølvsagt stå knallhardt på for å sikre alle norske interesser, også for landbruket og sjømatnæringa. Men i forhandlingar handlar det om å gi og få – gi minst mogeleg og få mest mogeleg.

Så må vi gjere opp reknestykket.

Sluttsummen må uansett vere viktigast – både for nasjonen og for distrikta.