Prognosar viser at det ligg an til rekord i julehandelen i år. Pandemien har ført til færre utanlandsreiser, mindre tax free og handel i utlandet, og mindre pengar er brukt på opplevingar og uteliv. Folk har brukt meir tid heime, og dette har gitt vekst i bransjar som daglegvare, byggevarer, møblar og interiør. 2020 har vore eit underleg år, og pandemien rammar folk ulikt. Medan enkelte har fått meir pengar å rutte med, er det andre som slit med å få endane til å møtast. Mange har opplevd å bli permitterte eller mista jobben, og mange fryktar konkursar i tida framover.

Netthandelen har auka sterkt, og billege varer blir sendt frå Asia og USA fraktfritt heim til den enkelte forbrukar. Det er enkelt, men ikkje særleg berekraftig. Nordmenn har handla for fleire milliardar kroner i utanlandske nettbutikkar dei siste åra, og under pandemien har netthandelen auka ytterlegare. I mars og april i år, då smitteverntiltaka var på det strengaste, auka netthandelomsetninga med heile 47 prosent samanlikna med dei same månadane i fjor, viser vareomsetningstal frå SSB. Det er store kjeder med nettbutikkar som har vore vinnarane i år, medan nisjebutikkar og sentrumsbutikkar over nesten heile Norge har opplevd tøffare tider, ifølgje NHO Service og Handel.

Lokale verksemder er med på å skape levande lokalsamfunn, anten det er butikkar, serveringsstadar, gardsbruk, overnattingstilbod eller andre bedrifter. Dei er også med på å gjere regionen attraktivt, og får fleire til å busetje seg her. I tillegg til å tilby varer og tenester, sikrar lokale verksemder arbeidsplassar, og skaper sosiale samlingspunkt i byen eller bygda.

Dersom vi ønskjer at dei lokale verksemdene skal overleve koronapandemien, bør vi sjølve aktivt bruke dei. Enkelte butikkar satsar på nye løysingar for å gjere det enklare for forbrukarane å handle i regionen. Fleire driv lokal netthandel, og kombinerer det med heimelevering, eller nyttar alternative opningstider for å imøtekome ulike behov. Krisa utløyser kreativitet, og det er positivt.

Når det blir spådd rekordstor julehandel i år, er det ikkje likegyldig korleis og kvar pengane blir brukte. Enkelte har fått råd til fleire og større julepakkar i år, men for andre kan dette bli den aller vanskelegaste jula på mange år. Fleire lokale organisasjonar gjer ein stor innsats og sørger for hjelp til dei som har det vanskeleg. Ved å støtte desse organisasjonane, kan fleire sjå fram til jul med glede. Og ved å handle lokalt, kan ein bidra til at fleire lokale arbeidsplassar blir berga.