Meiningsmålingane varslar eit politisk jordskjelv i 2021 med Høgre, Ap og Senterpartiet som tre jamstore parti. Dei oppsiktsvekkjande endringane i det politiske landskapet blei bekrefta av ei ny meiningsmåling i Vårt Land fredag. Ingen bør verte overraska om valresultatet om ni månader blir omtrent som dette.

Kanskje fell Senterpartiets oppslutning noko tilbake inn mot valet når ein del av dei protestveljarane partiet no tek hand om vender tilbake til sine gamle parti.

Men vi trur ikkje det store biletet vil endre seg mykje. Senterpartiet har klatra opp til eit av dei tre store partia her i landet. Den pallplassen er det ikkje nok som tyder på at dei mister etter haustens val.

På eit gjennomsnitt av alle målingane denne månaden er Senterpartiet over 20 prosent på seks av sju målingar. Arbeidarpartiet er berre marginalt større, medan Høgre har eit snitt i overkant av 22 prosent.

Vi veit at det er parti som har vore kongar på meiningsmålingane, men sprokke under innspurten av valkampen. Vi kan nemne SV i 2005. Dei hadde også målingar eit år før valet heilt opp mot det nivået Senterpartiet no ligg på, men enda med ei oppslutning rundt åtte prosent valdagen.

Det er lite som tydar på at Senterpartiet risikerer same nedturen. Partiet sin vekst har skjedd over tid og er bygd på konflikten mellom sentrum og periferi. Flyttinga inn til byane og svekkja politiske makt i distrikta er ei utvikling som har prega heile etterkrigstida. Det er ikkje noko som tydar på at dette biletet endrar seg til september neste år.

Men den suksessen Senterpartiet no har på målingane vil måtte føre til at det blir stilt nye krav til partiet. Slagsvold Vedum sin politiske suksess er i stor grad bygd på å fremje kritikk mot regjeringa sine reformer som er blitt gjennomført dei siste åra.

Det vere seg kommunereform, høgskule-reform, domstolsreform og politireform. Her har Senterpartiet i liten grad lagt fram kva som er partiets eigne alternativ.

Eit parti som segler opp til å få ein betydeleg posisjon i ei ny regjering kan ikkje basere sin politikk på kritikk av andre. Dei må på eit tidspunkt legge fram sitt alternativ til alt frå EØS-avtalen til korleis vi skal møte utfordringane vi står overfor dei neste tiåra.

Så står det att å sjå om partiets alternative løysingar er like populære blant folk flest som dagens kritikk av regjeringa er.