Aukande økonomisk ulikskap mellom folk peikar i retning mot eit samfunn med større polarisering, svekka tillit og lågare økonomisk vekst.

Difor gir rapporten «Lavinntekt og levekår i Norge» som NAV la fram før helga, grunn til uro.

Den stadfestar dei økonomiske skilnadane i Norge held fram med å vekse. På toppen av dette har koronapandemien ramma dei som tener minst absolutt hardast økonomisk.

Norge er framleis eit land med små økonomiske og sosiale skilnader. Vi har også ein godt utbygd velferdsstat med sosiale sikkerheitsnett som motvirkar fattigdom og konsekvensane av slik ulikskap.

Rapporten frå NAV viser ei retning på utviklinga som likevel gir grunn til uro. Frå 2011 til 2018 auka andelen som har ei årleg lavinntekt auka frå 9,6 til 11,2 prosent. Over 111.000 barn veks opp i familiar med varig lavinntekt, og talet aukar.

Veksten i realinntekt har stoppa opp for fleire hundre tusen husstandar nedst på inntektsstigen.

Dei med høgast inntekt har hatt ein solid inntektsauke i den same perioden. Legg vi utviklinga i formue til dette i reknestykket, blir spriket mellom fattig og rik endå større.

Her har skilnadane auka meir og raskare enn i inntektsutviklinga, og ei lang periode med lav rente har bidratt til dette. Det er dei som har formue som får mest drahjelp av lav rente.

Koronapandemien forsterkar derfor ulikskapen i samfunnet på to måtar, og har gitt dei som har minst ein dobbelt smell.

Blant dei som mista jobben, vart permitterte eller slit med å kome inn i arbeidsmarknaden er det nemleg eit fleirtal av folk i yrke med låg lønn og folk med svak tilknytning til arbeidslivet.

Mange av desse har sjølvsagt også lån, og får difor god hjelp av Norges Bank sin spådom om ei styringsrente på null prosent i minst eitt år framover. Likevel bidrar den lave renta til at dei sakkar endå lengre bak økonomisk på sikt.

Lav rente er eit symptom på krisetider, men er paradoksalt nok også med på å drive opp verdiane til dei som har formue. Etter at det verste børssjokket ga seg, får dei rikaste no ekstra drahjelp med formueveksten.

I Norge er i dag over 190.000 arbeidsledige. Svært mange går altså denne jula i møte med stor uvisse og økonomiske vanskar.

NAV fryktar no at vi kan få auka varig fråfall frå arbeidslivet og svekka levekår for dei som blir hardast råka.

Klarer vi ikkje å motvirke dette, kan eit samfunn prega av større ulikskap verte den mest skadelege langtidseffekten av koronaviruset.