Aldri tidlegare har julegåvene til sjukehustilsette skapt meir debatt enn i år. Den viktigaste årsaka til dette er kanskje at det vanlege er at det sjeldan vankar slike gåver.

Normalt må sjukehustilsette spleise på julebord eller sommarfestar med kollegaer.

Retningslinene er strenge for kva offentlege etatar kan bruke av pengar på gåver til sine tilsette. Slik bør det også vere, så lenge det handlar om bruk av skattepengar.

Likevel: Gåver er meir enn den tingen ein gir bort eller verdien på denne. Å gi ei gåve kan vere ei symboltung handling, og det er nettopp det når leiinga ved norske sjukehus har «tatt på seg spanderbuksene» i pandemiåret.

Tilsette ved Sykehuset i Telemark fikk en paraply. Dei nær 6.500 tilsette i Helse Møre og Romsdal fekk ei grå lue. Andre får ein julelunsj i kantina, ein stålbolle eller rett og slett ikkje gåver.

St. Olavs hospital i Trøndelag skil seg ut.

Her gir dei eit gåvekort på 1.000 kroner til kvar tilsett Det blir over 10 millionar kroner totalt. Slik vil dei innanfor strenge rammer belønne ekstrainnsatsen i pandemiåret og samstundes støtte lokal handelsstand - ikkje ulikt slik mange private bedrifter har tenkt.

Alle sjukehusleiarar som har gitt julegåver har hatt eit ynskje om å gi noko ekstra til sine tilsette etter eit krevjande år. Det fortener dei meir ros enn kjeft for.

Problemet oppstår når gåvene blir samanlikna.

Ei videohelsing frå sjefen (Helse Nord-Trøndelag) gjer ikkje heilt same susen som ein tusenlapp i handa. Seiemåten «å stå med lua i handa» gjer skilnaden grell for tilsette i Møre og Romsdal.

Ekstra symboltungt blir dette av at det er ei underliggande konflikt om pengar i Helse Midt-Norge. Denne handlar om fordeling av ressursar, og er sett ekstra på spissen no med dragkampen om den nye finansieringsmodellen internt i regionføretaket.

Det er lett å forstå at mange lar seg provosere. Spørsmålet er kven ein skal vere provosert av, dei som gir mykje, dei som gir lite eller dei som gir ingenting?

Alle har gode intensjonar.

I vår vart helsearbeidarane heidra med applaus over heile Europa. Aksepten for at også ein bitteliten promille av skattebetalte sjukehusbudsjett går til julegåver bør i år vere stor, og vil truleg betale seg tilbake i form av goodwill og lagkjensle,

Tusenlappen til dei tilsette ved St. Olavs hospital er fortent. Lua i Møre og Romsdal er godt meint, men også her ville tusenlappen vere fortent og forstått.

Det er klønete av Helse Midt-Norge å ikkje klare å samordne dette betre og unngå denne situasjonen. Det er mange nok konflikter frå før i regionhelseforetaket.