President Donald Trump si rolle i angrepet på Kongressen kan verte hans endelege politiske havari. Mange lojale støttespelarar vender han no ryggen.

Det opnar for at moderate republikanarar kan ta eit oppgjer med arven frå Trump.

Vegen fram til å reparere skaden er likevel lang. Måten det må skje på er heller ikkje gitt.

Fordøminga av storminga av Kongressen onsdag har vore massiv, både i USA og internasjonalt. Dessverre stod ikkje presidenten i landet sjølv i front for denne fordøminga.

Tyskland sin forbundskanslar, Angela Merkel, var blant dei som la ansvar på Trump, og seier at han har skapt atmosfæren som la grunnlaget angrepet.

Onsdag sa Erna Solberg at det var Trump sitt ansvar å gripe inn. Torsdag forsterka ho kritikken om manglande leiarskap etter opplysningar om at det skulle ha vore visepresidenten som kalla inn nasjonalgarden – ikkje presidenten sjølv.

Fordøming av valdelege angrep på demokratiske institusjonar, prosessar og folkevalde må vere krystallklar og utan atterhald.

Etter fire år med Trump og ein stadig sterkare posisjon for fleire autoritære leiarar i verda, må vi likevel spørje oss om det er nok – eller tidsnok.

Korkje angrepet mot Kongressen eller Trump og andre leiarar med autoritære trekk, oppstår i eit vakuum.

Slike hendingar og slike leiarar treng ei folkeleg base for å oppstå.

Ein slik folkeleg base gir berre makt om den har støtte i eit maktpolitisk bakland og frå økonomiske støttespelarar. Så må det gjødslast med propaganda, knebling av motstemmer eller ein rå populistisk retorikk.

Nettopp det siste har vore eit kjennemerke for Trump.

Erna Solberg forsvarer at ho og Norge har vore forsiktig i sin kritikk av Trump. Hennar strategi har vore å kritisere berre når det har vore i Norge sine interesser. På heimebane har ho nytta ein liknande strategi når ho har kritisert støttespelarar sine uttalar med sitt gjentatte «jeg ville ikke brukt akkurat de ordene».

I prinsippet kan strategien vere både rimeleg og forståeleg. Solberg deler den med mange, også med Trump-kritiske republikanske politikarar.

Norske politikarar har sjølvsagt fint lite å gjere med kven amerikanske veljarar vil ha til å leie landet. Skarpare konfrontasjonar kan også bidra til meir polarisering i staden for dialog og konstruktive løysingar, både nasjonalt og internasjonalt.

Vi må vakte oss for at ein slik strategi sine bieffektar. Den kan også gi spelerom for antidemokratiske krefter.

Derfor må vi også våge å vere tydelege motstemmer – tidsnok.