Nordmenn har rekordhøg tillit til at kapasiteten til å teste folk for koronavirus er god nok. Utbrotet av den britiske mutasjonen av viruset slår sprekker i dette biletet.

Folkehelseinstituttet (FHI) har testa altfor få prøver for virusvarianten, og det har teke for lang tid å få svar.

Dette er ei ripe i den norske pandemiberedskapen.

Tid vil alltid vere ein kritisk faktor i kampen mot eit pågåande smitteutbrot. Tidleg og presis kunnskap vil vere avgjerande for å setje inn relevante tiltak så tidleg som mogeleg.

Difor er det viktig med kjappe prøvesvar, særleg med ein ukjent smittekjelde. Det er også smart å teste mange prøver mot den svært smittsame mutasjonen, slik at ein hindrar den i å gå lenge under radaren.

Ved utbrotet i Nordre Follo tok det som kjent 13 dagar før prøvesvara var klare. Det er for svakt.

Spreiinga av den britiske mutasjonen kom ikkje som ei overrasking. Det gjer heller ikkje dei dramatiske konsekvensane, slik vi no ser det i form av nedstenging av 25 kommuner i den mest folkerike delen av Norge.

Allereie då varianten vart påvist i Storbritannia før jul, såg vi kva dette kunne føre til. Seinare har andre europeiske land blitt råka. WHO advarte Europa allereie i desember, og ba om strengare tiltak og kartlegging av den nye varianten. Slikt krev testkapasitet.

Norge har ikkje tidsnok klart å svare ut denne utfordringa. Samanlikna med til dømes Danmark har vi blitt ståande att i startblokka altfor lenge. Danmark har utført rundt 3.000 slike testar i veka. Norge har berre såvidt passert tiandeparten av dette.

Ein kan og bør stille spørsmål ved om betre testkapasitet kunne hindra nokre av dei dramatiske tiltaka som no er blitt innført på Austlandet, tiltak som er både svært inngripande og kostbare.

FHI-direktør Camilla Stoltenberg peikar på kutt i budsjetta dei seinare åra som ei forklaring. FHI har til liks med andre statlege etatar frå og med budsjettåret 2015 vore underlagt regjeringa sin avbyråkratis- og effektiviseringsform.

Allereie i 2017 åtvara Stoltenberg at det kunne gå ut over deira evne til å løyse samfunnsoppdraget.

Anten sparekrava frå regjeringa var for harde eller FHI var for dårlege til å omstille og effektivisere, er det ei åtvaring som burde vore teke med større alvor før. Det overordna ansvaret for dette ligg uansett på regjeringa som må forsikre seg om at beredskapen til å takle kriser er på plass.