Ulstein Group sitt varsla kutt på 100 stillingar er eit nytt hardt slag, både for Ulstein-regionen og den maritime næringsklynga i nordvest.

Nedbemanninga kjem kanskje ikkje som ei stor overrasking, men det blir ikkje mindre alvorleg av det. Konsekvensane av at dei store selskapa i den maritime næringa slit, kan få store konsekvensar for langt fleire.

Slik kan dette bli nok ei omdreiing i ein negativ spiral for ei næring som har vore særs viktig for sysselsetting og verdiskaping på Nordvestlandet dei siste tiåra.

Verftsnæringa er sterkt prega både av oljeprisfallet i 2014 og koronapandemien. På Nordvestlandet er det særleg dei store verftsgruppene som har fått svi. Store underskot har prega resultata dei siste 5-6 åra.

Starten på nedturen var då botnen fall ut av marknaden for offshore-skip, ein berebjelke gjennom mange år.

På kort tid måtte verfta omstille seg til andre marknadar og andre typer fartøy. Omstillinga vart kostbar, og fleire av dei nye, store kontraktane gjekk i minus.

Mange mindre verft har klart seg greitt på reprarasjonsoppdrag, og har surfa på på oppturen i havbruksnæringa med bygging av brønnbåtar. For dei store, slik som Ulstein, Kleven og Vard, har problema halde fram.

Koronakrisa kom altså på toppen av ei allereie djup krise.

Vegen ut av uføret vart endå tyngre på grunn av korona-kostnader og uro i marknader som cruise. I tillegg kom krisa i maritimt næringsliv i den politiske skuggen av pandemien.

Kleven bukka under i fjor sommar, og satsar no på eit nytt liv innan gjenvinning av skip og reprarasjonar i første rekke. Ulstein Group manglar oppdrag, og 100 av i alt 420 tilsette kan kome til å misse jobben.

Ringverknadane kan bli alvorlege. Når lokomotiva slit, vil også underleverandørar, tilnytte næringar og lokalsamfunn slite tyngre.

Ulstein kommune har tapt over 1.000 arbeidsplassar dei siste åra. Mange har klart å skaffe seg nytt arbeid i pendleavstand, men Ulstein ligg likevel på topp i arbeidsløyse i Møre og Romsdal saman med Hareid.

Før jul la regjeringa fram stortingsmeldinga om maritimt næringsliv. I kjølvatnet av dette er det varsla at det skal gjennomførast ein studie av verftsnæringa spesielt.

Ein treng inga krystallkule for å sjå at ein av hovudkonklusjonane. Krisa næringa står i, som særleg råkar dei store verfta, kan bety ei sakte forvitring av det som skal sikre havnasjonen Norge for ei framtid etter oljeeventryret.