At det blir dyrare for bedrifter å ha tilsette med langvarige helseplager, gjer det ikkje enklare for desse å stå i jobb. Ordninga vil heller heve terskelen til arbeidslivet for mange.

Denne delen av Sysselsettingsutvalet sitt framlegg til ny sjukelønsordning er difor neppe ein farbar veg. Til det er ulempene for store.

Tvert om ser dette meir ut som eit blindspor.

Norge har eit svært høgt sjukefråvær samanlikna med andre land. Det betyr ikkje at vi er sjukare enn andre. Vi har tvert om god folkehelse og eit godt helsetilbod.

Forsking syner også at det er ein samanheng mellom økonomiske ordningar, sjukefråvær. Dei som hevdar at sjukeløn og uføretrygd spelar ei rolle, er altså ikkje heilt på ville vegar.

Sjukeløn er berre ei brikke i den omfattande delrapporten som Sysselsettingsutvalet la fram torsdag, men det er ei viktig brikke.

Perspektivmeldinga som kjem fredag vil understreke betydninga med brei penn.

I ei framtid med fallande oljeinntekter og ei aldrande befolkning må fleire av oss vere i arbeid, og kostnader til trygd og sjukeløn må ned.

Utfordringa er at endringar i desse velferdsordningane like gjerne kan flytte problem som å løyse dei.

Sjuke folk blir ikkje friskare av å bli fattigare. Bedrifter som må ta ein større del av kostnaden ved sjukefråvær blir heller ikkje meir freista til å ta inn tilsette med helseutfordringar.

Sysselsettingsutvalet foreslår å flytte kostnaden for arbeidsgjevar frå korte til lange sjukefråvær. Arbeidsgjevar si periode med sjukeløn for dei første sjukedagane kan bli kortare, men må etter tre månader igjen ta ein del av rekninga.

Logikken er at det skal gjere arbeidsgjevar meir motivert til å jobbe for å få sjuke tilsette tilbake i jobb. Den sjukmelde si plikt om å medverke skal også forsterkast.

Teorien er grei. Arbeidsgjevarar som gjer ein for dårleg jobb med langtidsfråværet, blir straffa. Korttidsfråværet er uansett det dei minst kan påverke.

I praksis kan likevel dette ha motsett effekt. Eit større økonomisk ansvar for langtidssjukefråver blir ein økonomisk risiko som bedrifter må redusere.

For ei lita bedrift kan den risikoen vere stor om berre ein person med helseutfordringar blir ein del av staben.

Svaret kan bli at enkeltpersonar og grupper med slike helseutfordringar heller blir ekskludert enn inkludert frå arbeidslivet.

Ved enden av dette blindsporet finn vi den same som før:

Den som slit mest med helsa.