Eit eventuelt kutt på 83 institusjonsplassar for eldre i Ålesund er dramatisk. Tilbodet til pleietrengande eldre i kommunen vil bli svekka, og mange av dei tilsette i helse- og omsorgssektoren vil få ein tøffare arbeidskvardag.

Ålesund har i dag ei betre dekning av institusjonsplassar enn tilsvarande kommunar. Likevel er det ikkje slik at plassane i dag er fylt opp av folk som ikkje treng dei.

Det er all grunn til å vere uroleg for konsekvensane.

Kuttforslaga frå kommunedirektøren er ein konsekvens av budsjettvedtaket som vart gjort av fleirtalet i kommunestyret før jul. Allereie då vedtaket vart gjort, gjorde administrasjonen det klart at ei så stor innsparing ikkje ville la seg gjere utan nedleggingar.

No er 70 kuttmillionar frå budsjettvedtaket konkretisert, og har fått både namn og adresse. Det er då det verkeleg byrjar å bli vanskeleg for politikarane, tilsette og ikkje minst dei eldre med stort behov for omsorg og pleie.

Uansett korleis ein vrir og vender på dette, vil eit slikt kutt heve terskelen for å få hjelp på dette omsorgsnivået.

Kommunedirektøren har skissert to alternativ.

I det eine alternativet er det foreslått å leggje ned avdelingar ved fire omsorgssenter. Talet på omsorgsplassar kan då bli redusert med 83 frå rundt 500 i dag. I det andre alternativet må ein leggje ned ein heil institusjon.

Om ein kan snakke om fordelar og ulemper her, må det vere at ved nedlegging av enkeltavdelingar blir gjenopning lettare. Legg ein ned ein heil institusjon, kan ein ta innsparinga utan å leggje ned like mange omsorgsplassar.

Ålesund kommune har fleire institusjonsplassar og brukar meir pengar på dette området enn samanliknbare kommunar. Det kan vere eit argument for at det er rom for å kutte.

Tala fortel likevel ikkje at eldre i Ålesund har eit betre tilbod enn andre. Tala fortel heller ikkje noko om at dei tilsette har mindre krevjande arbeidsdagar enn kollegaer i byar som Skien eller Fredrikstad, sjølv om desse brukar mindre pengar på helse- og omsorg.

Kvaliteten i omsorgstilbodet kan sjølvsagt heller ikkje målast i talet på omsorgsplassar i institusjon.

Svært mange eldre har eit stort ynskje om å bu heime så lenge som råd. Styrkar ein tilbodet i heimebasert omsorg, vil fleire kunne få innfridd dette ønsket. Å starte med kutt er likevel ikkje rette måten å setje fart i denne omstillinga på.

Det er i dag rift om dei 500 institusjonsplassane. Det er ikkje utan grunn.