Fleire barn og unge slit med psykiske problem under korona-pandemien enn elles. Presset på hjelpetilbodet gjer at fleire no må vente lenger på å få hjelp.

Slik ventetid er farleg, og aukar risikoen for langvarig sjukdom.

Blant problema som oppstår og veks som følgje av kampen mot pandemien er dette blant dei mest alvorlege. Vi må no byrje å behandle den som den krisa dette er.

Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenester (Ukom) presenterte førre veke tal for barn og unge si psykiske helse under pandemien. Tala syner i følgje Sykepleien aukande press på både offentlege og frivillige helsetenester.

Helsedirektoratet har nyleg lagt fram tilsvarande tal.

I spesialisthelsetenesta er det særleg sterk vekst i talet på barn og unge som treng hjelp med depresjon og eteforstyrring. Eit anna trekk er at talet på akutte tilfelle aukar og øyeblikkeleg hjelp, altså ein vekst i talet på alvorlege tilfelle.

I prioriteringa mellom ulike smitteverntiltak har det under heile pandemien vore sagt at barn og unge må skånast mest mogeleg.

Det er svært gode grunnar til å prioritere slik.

Tapt inntekt som følgje av nedstenging kan ein erstatte heilt eller delvis gjennom krisepakkar. Dei fleste av oss klarer oss også godt ei stund utan fritidsreiser til utlandet, pubbesøk eller sveitt spinning på treningssenteret.

Ingen krisepakke kan gi tilbake tapte ungdomsår til ein ungdom som slit med depresjon og sjølvmordstankar. Tala frå Ukom syner at vi ikkje har klart å prioritere barn og unge godt nok.

Når barn og unge som slit blir sitjande åleine, utan fellesskapet på skulen eller i fritidstilbodet i idretten eller kulturlivet, kan det forsterke problem. Slike problem blir større jo lenger tid dette varer.

Stengde skular gjer også at det kan gå lenger før dei blir fanga opp av hjelpetiltak. I periodar har helsesjukepleiarar som skal gi unge hjelp, dessutan vorte omdisponerte i mange kommuner.

I tillegg til at vi har vore for dårlege til å førebyggje denne krisa, ser vi at hjelpetenestene ikkje har vore rusta til å møte den. Ventelistene har blitt lengre, og ventetida kan gjere problema endå meir alvorleg.

Når sjølv lågterskeltilbod har byrja å få ventelister, då er dei ikkje lågterskeltilbod lenger.

Dette er dessverre ikkje så overraskande.

Gapet mellom tilbod og behov i det psykiske helsevernet er ikkje av ny dato. Pandemien har berre sett tenestene under ekstra press og gjort dette gapet endå meir synleg.

Trusselen no er at denne krisa blir endå større etter pandemien. Det må vi gjere alt vi kan for å unngå.