I dag legg statsminister Erna Solberg (H) fram planen for korleis Norge skal gjenopnast frå korona-nedstenging. Aleine det at vi no får framlagt ein slik plan er viktig.

Likevel må vi også framover vente det uventa, slik vi har sett den siste tida med meir smittsame virusvarianter.

Viktigare enn eksakte datoar får når det skjer, er det derfor med tydelege prioriteringar.

Fleire land har starta på ei gradvis gjenopning av samfunnet etter svært inngripande tiltak for å få kontroll på smittespreiinga. I Storbritannia har statsminister Boris Johnson lova uteservering på pub frå neste veke.

Danmark starta si gjenopning i går. Først er det snakk om delvis gjenopning av skule- og utdanningstilbod. I tillegg får folk gå til frisør, ta køyretimar att eller få eit varig koronaminne hos tatovøren. Kvar fjortande dag framover blir nye delar av samfunnet opna.

Den danske gjenopninga byggjer delvis på eit omdiskutert koronapass og ein svært offensiv teststrategi. Ein føresetnad for planen er også at vaksineringa går etter planen og at smitten ikkje på ny kjem ut av kontroll.

Erna Solberg skulle opphaveleg lagt fram gjenopningsplanen før påske, men smittesituasjonen med dei nye virusmutasjonane gjorde at dette har blitt utsett til i dag.

Saman med forseinkingar i vaksineleveransar og komplikasjonane med AstraZeneca-vaksinen syner dette kor uoversiktleg situasjonen er.

Både som næringsliv og einskildpersonar treng vi å sjå ein ende på denne vanskelege perioden. Restriksjonane tærer på både mentalt, sosialt og økonomisk - og fagleg for dei som er under utdanning.

Vi treng å førebu oss på vegen tilbake til normalen. Både rekkjefølgja i gjenopninga og i nedtrapping av økonomiske støttetiltak må ligge i ein tydeleg plan. Planen må også gjere det klart for oss kven som blir prioritert, og kven som må vente litt til.

Der bør også liggje klare signal om korleis det skal skapast fart i økonomien for dei hardast råka næringane. Her, som i Danmark, bør ein slik plan vere forankra i ein avtale med eit breitt politisk fleirtal.

Sjølv i i eit valår bør partia setje behovet for ei føreseieleg gjenopning framfor kjappe gevinstar i popularitet.

Ein klar tidsplan ville heilt klart vore det beste

Av og til må vi likevel klare oss med det nest beste: Ein plan som som er tydeleg, men som også har rom for det uføresette.