Sunnmørsposten meiner:

«Pandemien har forsterka behovet for pressefridom»

Førsteplassen: Også i år er Norge kåra til landet i verda der pressefridomen har best vilkår. I mange land går utviklinga feil veg.   Foto: Lewis Joly/AP Photo

Under ein pandemi er det ekstra stort behov for brysomme journalistar som stiller kritiske spørsmål

Leder

I dag, 3. mai, blir den internasjonale dagen for pressefridom markert over store deler av verda. Også i år toppar Norge lista over verdas mest pressefrie land, i godt selskap med Finland, Sverige og Danmark. Nedst på lista ligg det kommunistiske diktaturet Nord-Korea samt fleire land i Midt-Austen og Nord-Afrika. Indeksen som måler graden av pressefridom, blir kvart år utarbeida av organisasjonen Reportere uten grenser.

Enkelte land har utnytta pandemien til å svekke retten til frie ytringar. Journalistar har fått blokkert tilgangen til informasjon, og blitt utsette for alvorlege skuldingar. Det er blitt innført lover mot såkalla «falske nyheiter», der staten avgjer kva informasjon som er lovleg. Dermed er det i praksis blitt forbod mot å kritisere styresmaktene si handtering – eller mangel på handtering av pandemien. I Asia, Afrika og Latin Amerika er journalistar blitt fengsla på grunn av dette.

Ifølge ein rapport som er utarbeida av den uavhengige menneskerettsorganisasjonen The Civil Liberties Union for Europe er informasjonsfridomen under press også i fleire land i Europa, særleg i Ungarn, Polen, Slovenia og Tsjekkia. Det gir grunn til uro at sentrale menneskerettar blir svekka i fleire av EUs medlemsland.

Nettopp under ein pandemi er det ekstra stort behov for brysomme journalistar som stiller kritiske spørsmål, og som set søkelys på konsekvensar av vedtak. Det er forståing for at det kan vere behov for inngripande tiltak for å slå ned viruset og berge liv. Dess viktigare er det at styresmaktene er opne om vurderingane som ligg bak, slik at dei kan etterprøvast. Openheit er avgjerande for tillit.

Norge blir sett på som eit føregangsland innan pressefridom, og det er det grunn til å glede seg over. Vi må likevel ikkje slå oss til ro med at alt er i orden. Den første smittestoppappen som vart lansert i fjor, kunne ha opna for storstilt overvaking av samfunnet. Kjeldevernet, som er ein livsviktig sikkerheitsventil, kunne ha blitt alvorleg svekka. Dette skapte sterke reaksjonar, ikkje minst mellom advokatar, IT-ekspertar og redaktørar. Heldigvis vart kritikken tatt til følge, og det vart utarbeida ein ny smittestoppapp som er tryggare å bruke.

Media har eit særleg ansvar for å drive uavhengig kontroll av offentlege styresmakter, og då er det viktig at departement og andre offentlege etatar følgjer offentleglova. Vi har sett mange brot på denne lova siste året, og det er alvorleg.



Det siste året er det mange som fortel at dei forstår betre kvifor pressefridom er så viktig. Det gir grunn til refleksjon at pandemien oppstod i eit land utan denne fridomen. Dersom Kina ikkje hadde arrestert dei som forsøkte å varsle om utbrotet, men hadde hatt ei fri presse, kunne viruset blitt bremsa langt tidlegare.


Tyskland ikke lenger blant de beste på pressefrihet

Tyskland er ikke lenger blant de beste på Reporters Without Borders' pressefrihetsindeks. Norge er på topp.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder