I mars var det 60 år sidan Den norske kyrkja fekk sin første kvinnelege prest. Ein heftig og opprivande debatt følgde denne ordineringa. Framleis slår bølgjer frå denne debatten inn over kyrkja.

Men det er ikkje berre den som kan gjere det vanskelegare å vere kvinne enn mann i presteteneste.

Kvinnelege prestar møter også haldningar, handlingar og merksemd som ikkje har det ringaste med teologisk usemje å gjere. Her har både kyrkja og vi som samfunn framleis ein lang veg att å gå.

Kyrkja har for første gong gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking der dei utelukkande har undersøkt korleis det er å vere kvinne og prest. Det var ikkje for tidleg.

At kvinner kan ha det særleg utfordrande i prestetenesta, kan ikkje kome som ei overrasking. Enkelthistoriene om dette har vore mange.

Undersøkinga stadfestar problemet, sjølv om det store fleirtalet meiner at likestilling og likebehandling er godt vareteke på eit overordna og formelt nivå.

Når ein av tre fortel at dei har opplevd uønskt merksemd knytt til kjønn i yrket, er dette urovekkjande. Ein av fire har opplevd å få ubehagelege kommentarar om utsjånaden. Ein av fem om korleis dei er kledd. Mange har også opplevd uønskte hendingar, blant anna at initmgrenser ikkje blir respektert.

Ville så mange mannlege prestar kunne svart det same? Neppe.

Nokre opplever også at det blir stilt spørsmål ved deira kvalifikasjonar fordi dei er kvinner. Her toppar Møre bispedøme lista.

I eit bispedøme som i 13 år har hatt kvinneleg biskop, svarar kvar tredje kvinnelege prest at dei har møtt slike haldningar. Dette er ikkje noko folk flest eller kyrkjeleg tilsette i bispedømet bør vere særleg stolte av.

I tillegg til slike haldningar og handlingar kjem den teologiske diskusjonen om kvinner i presteteneste. Formelt er denne parkert i kyrkja, men den skapar framleis krevjande arbeidstilhøve mellom kollegaer. Fram til i fjor hadde menn rett til å reservere seg mot å gjere teneste saman med kvinner.

Ein slik diskusjon er legitim, og den må det framleis vere rom for.

Det gir likevel ingen rett til å ytre seg på ein nedsetjande måte, eller på andre måtar opptre slik at det skadar arbeidsmiljøet.

At kyrkja har gjennomført denne undersøkinga er eit viktig steg mot meir likestilling. Kvar tredje prest i Den norske kyrkje er i dag ei kvinne. Kvar einaste av desse kvinnene fortener same respekt og å bli behandla på same måte som kvar mannleg prest.

No har kyrkja tala som fortel at slik er det ikkje. Då er det berre å starte jobben.