Vi kan ikkje slå oss til ro med at opphavet til koronaviruset er ei uløyst gåte. 18 forskarar har i tidsskriftet Science oppmoda til ny og uavhengig undersøking av korleis pandemien oppstod. Dei peikar på at teoriar om utslepp frå laboratorium i Wuhan ikkje kan avvisast, men bør undersøkast grundigare.

Nyleg bad USAs president Joe Biden amerikansk etterretning om å granske laboratorium-teorien. Bakgrunnen var opplysningar i avisa Wall Street Journal om at tre forskarar frå det virologiske instituttet i Wuhan måtte få sjukehusbehandling for koronaliknande symptom fleire veker før det første tilfellet av korona vart påvist 8. desember i 2019. Dette instituttet er Kinas fremste forskingssenter på ulike typar koronavirus. Ein teori handlar om at viruset er lekka ved eit uhell, til dømes ved at tilsette har pusta det inn og dermed spreidd det vidare.

Ei ekspertgruppe frå Verdens Helseorganisasjon (WHO) har tidlegare i år konkludert med at viruset mest sannsynleg stammar frå hestesko-flaggermus. Flaggermusa kan ha smitta eit anna dyr, som deretter har smitta menneske. Kva dyr som har vore mellomvert er ikkje identifisert. Ekspertane slo fast at det var ekstremt lite sannsynleg at viruset kan ha oppstått i eit laboratorium, utan at dette i særleg grad vart grunngjeve.

Eit vesentleg problem med analysen frå WHO er at ekspertane har hatt krevjande arbeidsforhold, til dømes ved mangelfull tilgang til rådata. Kina har gjort det vanskeleg for forskarane å finne svar. Både ved manglande openheit, men også ved å stempla alle teoriar om at viruset kan stamme frå laboratoriet i Wuhan som løgn og konspirasjonar. Kina er eit diktatur utan presse- og ytringsfridom, og det gjer det vanskeleg å ha tillit til informasjonen frå styresmaktene. Det er nok å minne om at doktor Li Wenliang, som varsla om det mystiske virusutbrotet, vart truga med arrestasjon før han sjølv døydde av sjukdommen.

Norge har saman med 13 andre land understreka behovet for ei ny, open og uhilda gransking av kvar viruset kjem frå.

Enkelte meiner at ein ikkje bør bruke tid og krefter på å finne opphavet til pandemien, fordi det kan skape konflikt med Kina. Det er eit underleg standpunkt. Viruset som har fått namnet SARS-CoV-2 har tatt livet av mange millionar menneske, har forårsaka global nedstenging og skapt uendeleg mange tragediar. Det må vere i alles interesse å finne årsaka til at dette kunne skje, først og fremst for å kunne førebyggje framtidige pandemiar.