Senterpartiet har dalt litt på målingane dei siste månadane. Likevel er det eit svært sjølvsikkert parti som har landsmøte i helga. Det er det god grunn til.

Under Trygve Slagsvold Vedum si leiing har Senterpartiet klatra til pallen på meiningsmålingane.

Knapt noko i valkampen kan endre på det. Partiet treng inga ny «sak» for å trygge posisjonen, og har grasrotstyrke nok til å kunne mobilisere sterkt i innspurten.

I dag ligg Senterpartiet på rundt 17 prosent i oppslutning. Sjølv om fallet har vore på mellom fire og fem prosentpoeng sidan toppen for rundt eit halvt år sidan, er likevel dette nær det historiske valresultatet frå 1993.

Valet i haust vil altså kunne skrive seg inn i partihistoria med gullskrift.

Kontrasten til då Vedum tok over leiinga i 2014 er stor. Intern strid og og open krangel prega partiet etter eitt av dei dårlegaste valresultata gjennom tidene, og suget frå sperregrensa var faretruande nær.

Tre år etter var oppslutninga dobla, og sidan har ikkje partiet sett seg tilbake.

Etter ein slik opptur er det forståeleg at mange er svoltne på meir. Krefter i partiet vil at Vedum utfordrar Jonas Gahr Støre (Ap) som statsministerkandidat. Andre vil ha ultimatum om ei toparti-regjering utan SV. Atter andre har tru på at nye enkeltsaker skal løfte populariteten, slik som forslag om ein ny norsk OL-søknad.

Vinnaroppskrifta har fram til no vore å køyre Vedum fram som distriktsopprøret sin fremste riddar. Han har heva lansen i lag med bunadgerilja og rovdyrmotstandarar, kjempa mot kommunereform, regionreform, politireform og høgskulereform og sloss for lokale skattekontor, tingrettar og retten til å køyre dieselbil på bygda.

Spørsmålet landsmøtet må stille seg no, er om dette er nok.

Distriktsopprøret er framleis levande, men likevel er det fare for at glansen i Vedum si riddarrustning kan tape seg.

Dels fordi ingen av desse sakene har nyheita si interesse, og dels fordi ingen nye reformer er på trappene.

Andre har også fått det travelt med å blankpusse sin distriktspolitikk.

Vedum sin som partileiar har nettopp vore å halde fast på ein bodskap, kampen mot sentralisering og storsamfunnet si overkøyring av distrikta — nesten så det er kjedeleg føreseieleg.

Partiet sin sikraste veg til suksess er likevel truleg å halde fram med å vere kjedeleg føreseieleg.

Seier først Vedum statsminister-ordet, kan det bli ei avsporing på veg mot eit historisk godt val.