Parsellhagen på Alnes er blitt eit svært populært tiltak, som både er positivt og matnyttig. Hagen er ein møteplass der folk på tvers av alder og yrkesdeltaking kan få oppleve gleda ved å dyrke eigne grønsaker. Silje Alnes, som driv hagen saman med mannen Åsgeir Nordstrand, fortel til Sunnmørsposten at det berre gjekk ei veke frå dei fekk tanken om å starte, til hagen var ein realitet. God hjelp frå Gjermundnes vidaregåande skule gjorde det enkelt å kome i gang. No er åtte åkerflekkar leigd ut, og mange personar står på venteliste.

Tidlegare i år lanserte regjeringa ein strategi for å legge forholda til rette for såkalla urbant landbruk. Idylliske Alnes kan kallast alt anna enn urbant, men parsellhagen har likevel blitt svært populær. Det er ikkje alle som har store hagar sjølv om dei bur på bygda. Urbant landbruk omfattar ei rekke ulike aktivitetar knytt til dyrking og husdyrhald i byar og bynære strøk, som til dømes dyrking i parsellhagar, skulehagar, takhagar, felleshagar, private hagar og balkongar.

Den nasjonale strategien går ut på å stimulere endå fleire lokalsamfunn til å satse på urbant landbruk. Kommunar blir oppmoda om å legge forholda til rette for dette i arealplanlegginga. Det handlar om berekraftig by- og tettstadutvikling, om matproduksjon og verdiskaping. Dette er i tråd med FNs berekraftsmål, der urbant landbruk blir sett på som ein del av løysinga når det gjeld klimaomsyn og kortreist mat, men også innan politikkområde som utdanning, helse, integrering og miljø.

I tillegg til den matnyttige delen av parsellhagane, har dei også ein viktig sosial funksjon. Her kan besteforeldre og barnebarn samarbeide om eit felles prosjekt, her kan naboar slå av ein prat og nye vennskap kan etablerast. Norske Kvinners Sanitetsforening har på nasjonalt nivå tidlegare engasjert seg i prosjektet «Fra flukt til grøn lukt» der ein har gitt flyktningar mulegheit til å dyrke eigne grønsaker, og samtidig ta del i ein større fellesskap. Gjennom samarbeid med innvandrarorganisasjonar har ein utveksla kunnskap om matkulturar, og bidratt til integrering.

Interessa for å dyrke eigen mat har auka sterkt siste åra, og pandemien har forsterka behovet for sjølvforsyning. I Oslo er det mange års ventetid for å leige hageparsell.

Solnedgangen parsellhage på Alnes bør inspirere fleire til å kome i gang med liknande tiltak.