Regjeringa vel å vente med trinn fire i gjenopningsplanen etter koronapandemien på grunn av uvisse knytt til den meir smittsame delta-varianten av covid-19-viruset.

Avgjerda er ikkje uventa, og er ei ny stadfesting på at pandemien langt frå er over.

Fleire land har tatt tilsvarande avgjerder. England skulle etter planen gjenopne samfunnet for to veker sidan, men statsminister Boris Johnson måtte skuffe sine landsmenn med å utsetje dette med ein månad.

Statsminister Erna Solberg varsla mandag at det siste steget i den norske gjenopningsplanen kan bli gjennomført først i slutten av juli eller i starten av august. Dette er i tråd med råd frå FHI og Helsedirektoratet.

Overgang vidare til ein såkalla beredskapsstrategi vil tidlegast skje i starten av september.

Det betyr altså at vi må leve med ulik grad av tiltak og restriksjonar til godt over sommarferien. Truleg vil delta-varianten av viruset då vere dominerande også i Norge, slik det no er i mellom anna Storbritannia.

Regjeringa vel likevel å lette på nokre av dei nasjonale restriksjonane alt no.

Mellom anna blir det opna for fleire deltakarar på arrangement der det er nytta koronasertifikat. I slutten av juni er det også planen å opne for arbeidsreisande frå EØS-området, med unntak av område med særleg høgt smittetrykk. Det same gjeld for vaksne barn av folk busette i Norge, inkludert barn og ektefellar av EØS-borgarar som har arbeid her i landet.

For delar av næringslivet som sårt trengte sesongarbeidskraft no i sommar, kjem dette seint. Likevel er det eit viktig steg mot ei normalisering for anna næringsliv som er avhengig av arbeidskraft frå EØS-området.

For større publikumsarrangement i kultur og idrett vil desse lettingane også gi betydeleg betre handlingsrom og driftsgrunnlag.

«Den store gjenopninga» må vi likevel altså vente med.

Den ventetida kan bli svært krevjande. Det kan bli stadig vanskelegare å få folk til å slutte opp om strenge tiltak. Det er fleire enn «twitter-kongar» i FHI som no meiner det er på tide å seie «det var den pandemien».

Trass i at talet på smitta og sjukehusinnleggingar går ned og meir enn halvparten av befolkninga har fått første vaksinedose, er covid-19 framleis ein pandemi. Det må vi leve med og det må vi ta på alvor.

Senkar vi skuldrene altfor tidleg, og droppar å følgje smittevernråd og restriksjonar, risikerer vi å få ein ny baksmell som forlengjer problema unødvendig.

Er det noko vi bør ha lært det siste halvanna året, så er det at dette viruset kan overraske oss igjen.