Talet på langtidsledige er dobbelt så høg som i fjor på same tid. Sjølv om arbeidsmarknaden er i ferd med å bli friskmeld etter koronapandemien, er det altså framleis mange som slit med å få jobb.

Særleg blant langtidsledige og unge arbeidssøkjarar er det behov for ein ekstra innsats.

Jo, lengre ein står utanfor arbeidsmarknaden, jo tyngre blir det å kome seg inn. Unge som har lite arbeidserfaring og mindre etterspurt kompetanse, har ein ekstra høg terskel dei må over.

Juni-tala frå Nav var i hovudsak svært positive. Nedgangen i talet på arbeidssøkjarar var denne månaden den største sidan i fjor haust. Mest betring var det mellom dei heilt arbeidslause og permitterte.

Gjenopninga av samfunnet gir altså grunn til optimisme.

Størst fall i arbeidsløysa har det vore mellom anna innan transport og reiseliv. Nedgangen i talet på arbeidssøkjarar er også størst blant dei unge. Det er altså dei som har vore hardast råka av pandemien som det no lysnar for.

Lysninga inneber likevel ikkje ei løysing for alle. Framleis er det reiseliv og transport som har den høgste arbeidsløysa. I dag er nær 28.000 i desse bransjane heilt eller delvis ledige.

Og framleis er det fare for at langtidsarbeidsløysa kan bite seg fast.

Nesten halvparten av dei arbeidsledige har no vore arbeidssøkjarar i eitt år eller meir. Rundt to tredelar har stått i denne køen i meir enn eit halvt år.

Desse tala er alarmerande.

Sjølv om etterspurnaden etter arbeidskraft er aukande, kan vi på ingen måte pusta letta ut. Framleis er det uvisst kor lenge konsekvensane etter pandemien vil sitje i arbeidsmarknaden og velferdsstaten.

Dette er ingen situasjon som løyser seg av seg sjølv for alle, og slett ikkje for dei som har slite aller mest.

Blant desse finn vi langtidsledige unge med relativt lite utdanning.

Mange i denne gruppa vil stå i fare for å falle varig utanfor arbeidslivet. Skadeverknadane er størst for dei dette gjeld, både økonomisk, sosialt og helsemessig. Men også for samfunnet er kvar slik enkeltlagnad eit tap.

Overordna er det sjølvsagt viktig at gjenopninga av samfunnet held fram med full styrke, og at vi slepp nye tilbakeslag i kampen mot pandemien. Det må også leggjast til rette for å skape stadig fleire nye arbeidsplassar.

Tiltak i form av målretta tiltak mot dei dette gjeld, slik som ekstra tiltaksplassar, kvalifiseringstiltak og ekstra oppfølging er naudsynt.

I den akutte situasjonen må denne innsatsen kraftig forsterkast.