Etter å ha tapt ni milliardar kroner over sju år har den italienske eigaren av Vard-verfta framleis trua på satsinga i Norge. Føresetnaden er at norske verft kan halde på sitt teknologiske forsprang.

Ein slik jobb krev ein samla innsats.

Skal denne delen av norsk maritim industri kome ut av bølgjedalen, er den avhengig av den samla styrken i den maritime klynga. Det krev ein offensiv maritim politikk.

Italienske Fincantieri tok over Vard-verfta på eit maksimalt uheldig tidspunkt. Året etter overtakinga slo det kraftige fallet i oljeprisen beina under ein til då brennheit offshoremarknad.

Ti år med solide overskot, berre avbrote av finanskriseåret 2008, blei avløyst med blodraude tal.

Vard er ikkje åleine om dette blant dei store norske nybyggingsverfta. Tvert om har Vard kome betre ut i ordrekampen enn andre, men har tapt stort i omstillinga frå offshore til cruise.

Slett ikkje alle norske verft er i like tung sjø som dei store. Mindre verft som driv med reparasjonar, ombyggingar eller nybygging av mindre spesialfartøy gjer det framleis bra.

Norsk skipsbygging styrer altså ikkje mot totalhavari.

Likevel er situasjonen alvorleg for både lokalsamfunna som er avhengig av den maritime næringa og for norsk økonomi. Norsk økonomi treng ein maritim suksess i omstillinga frå fossiløkonomien. Då må også dei store verfta ha suksess.

Saman med reiarlaga er dei ein viktig del av navet i den maritime klynga, og avgjerande for utviklinga og for eksistensen av svært mange underleverandørar som også mindre verft er avhengige av.

Smuldrar dette vil ei av våre viktigaste framtidsnæringar tape framdrift.

Resultatet kan bli at vi slepp andre skipsbyggjar-nasjonar forbi oss i feltet i det teknologiske kappløpet. Gir vi frå oss forspranget, kan det bli tungt å ta det att. Vi må difor sørgje for at vi har ei næring og ei klynge som har kraft nok til å halde teten i det lange løpet.

Framtida for den maritime næringa er ikkje mørk. Potensialet i marknader som offshore havvind, marine mineral og omstilling til grøn skipsfart er stort, men det krev musklar til å satse for å ta det ut.

Investeringar i teknologi, fornying av den industrielle strategien og betydelege produktivitetsforbetringar må til.

Næringa har sjølvsagt hovudansvaret, men år med store tap kan tære på omstillingskrafta.

Ein meir aktiv stat bør derfor på banen. Ikkje for å ta ansvaret frå næringa, men for å ta sitt: På utdanning og forsking. I tilrettelegging for havvind. I satsing på nye energiberarar som hydrogen.

Norsk maritim industri har eit teknologisk forsprang i dag. Det er ikkje gitt til evig eige.