Alt som blir gratis er det lett å takke ja til. Like lett er det å seie ja til at staten skal rekninga. Haken ved det siste er berre at då må dei pengane hentast frå ein stad.

Gratis tannhelsetenester til alle vil koste rundt 12 milliardar årleg.

12 milliardar er ein betydeleg sum, også for staten. Dette må finansierast anten gjennom høgre skattar eller kutt i andre budsjettpostar. Slagordet om at «tennene er ein del av kroppen» har altså også sin pris.

Statistisk sentralbyrå (SSB) hadde rapportslepp på «Sosial ulikhet i bruk av helsetjenester» måndag denne veka. Eitt av dei aller tydelegaste funna her er korleis dyre tannhelsetenester slår ulikt ut for folk avhengig av økonomi.

Folk med dårleg råd eller psykiske lidingar droppar tannlegebesøk oftare enn andre.

Rundt fem prosent fortel at sjølv om dei har hatt behov for det, så har dei har latt vere å gå til tannlege på grunn av dårleg råd. Dette utgjer over halvparten av dei som har droppa tannlegebesøk til trass for behov.

Av dei som har økonomiske grunnar til å la vere å gå til tannlege, finn vi dobbelt så mange i gruppa med lågast inntekt som blant dei med høg inntekt.

Tala frå SSB syner tydeleg at dette er eit hol i velferdsordningane. Svært overraskande er det heller ikkje. Når tenester er gratis eller har ein låg eigendel for brukaren er det naturleg at økonomi spelar ei lita rolle.

Grunnprinsippet for helsetenestene våre elles er at alle skal ha eit likeverdig tilbod, uavhengig av kvar ein bor og kva ein tener. Difor er dei fleste grunnleggande helsetenestene tilnærma fullt ut offentleg finansierte.

Dette er ein modell det er stor støtte for blant folk flest. I den norske debatten om privatisering av helsetenestene er det spørsmålet om kven som skal utføre dei det handlar om, ikkje kven som skal betale.

For tannhelsetenesta er det altså motsett.

Når tilgangen til helsetenester er så urettvis, bør det vere stor vilje til å rette det opp. Tilgang til gode tannhelsetenester er også ein del av det grunnleggjande behovet. God tannhelse er også viktig for resten av kroppen.

Dette er gode argument for å etablere ordningar som jamnar ut slik sosial urettvise. Tannhelsetenestene til eldre bør også styrkast.

Det betyr likevel ikkje at ein må gjere alt gratis for alle. Skal ein hjelpe fem prosent av befolkninga, bør ein bruke pengane på det.

Uansett om målretta ordningar er meir komplisert å administrere, vil det koste langt meir enn 12 milliardar.