Ein omfattande ryggstudie, som er initiert og leia frå Ålesund, kan endre operasjonspraksis over heile verda. Berre i Norge blir rundt 4.500 pasientar operert for innsnevring av ryggmergskanalen kvart år, og vanleg praksis har vore å stive opp ryggen med skruar og stag av metall. No viser det seg at det ikkje er nødvendig å operere metall inn i kroppen for at pasienten skal bli frisk. Overbehandling aukar risikoen for komplikasjonar og unødige smerter for pasienten, og kostar dessutan samfunnet mange milliardar ekstra. Resultata av denne ryggstudien vart nyleg presentert i det anerkjente legetidsskrift, The New England Journal of Medicine, og har skapt internasjonal merksemd.

Ved sjukehuset i Ålesund lærte Erland Hermansen som ung assistentlege at ein ikkje skulle bruke metallskruar og stag på denne type operasjonar. Han vart derfor overraska då han kom til landets største ryggkirurgiske sjukehus, Kysthospitalet i Hagevik utanfor Bergen, og oppdaga at dei hadde ein heilt annan praksis. Usemje om kva som var beste metode, førte til at det vart sett i gang omfattande studium for å finne svar. 16 sjukehusavdelingar over heile landet har deltatt.

No er resultatet klart, og viser at den metoden som i mange år er blitt praktisert i Ålesund, er den beste. Den enkle operasjonsmetoden hjelper pasienten like godt som den mest inngripande med metall i kroppen, i alle fall i to år etter operasjon. I USA blir skruar brukt i over 90 prosent av desse operasjonane, så ei omlegging av praksis vil få store økonomiske konsekvensar for industrien som produserer implantat.

God forsking bidrar til betre helse. Spesialisthelsetenesta er lovpålagt å drive med forsking, og det er positivt at Helse Møre og Romsdal har eit aktivt forskarmiljø. Sjukehuset i Ålesund har bidratt med ny kunnskap på fleire ulike område, til dømes både når det gjeld behandling av ustabile skuldrer, og nye kriterium for vurdering av mammografibilete. Forskingsarbeidet er med på å styrke det faglege miljøet, og gjere sjukehuset til ein attraktiv arbeidsplass, også for dei som vil drive forsking på internasjonalt nivå. Det aller viktigaste er likevel at forsking som gir kvalitetssikra kunnskap om kva som kan gjere folk friske, har stor betydning for den enkelte pasient.