Norge er i full gang med opphentinga etter koronapandemien. Vi kan no vere på veg inn i ein høgkonjunktur. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er ein realitet i fleire bransjar.

Regjeringa bør no legge ein fot på bremsepedalen i budsjettarbeidet.

Uansett kven som blir sitjande ved makta etter at budsjettet er lagt fram i oktober, blir det ein viktig jobb å stramme inn på den offentlege pengebruken.

Regjeringa er i dag i ferd med å sluttføre dei interne forhandlingane om budsjettet. Kombinasjonen av at vi står midt i ein valkamp og ved utgangen av ei djup økonomisk krise gjer dette til ein spesiell situasjon.

I eit valår er det normalt tett mellom rause budsjettlekkasjar på denne tida.

Etter halvanna år med ein økonomi i krisemodus er det lite rom for slikt no. Finansminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg varslar tvert om at målet er å kutte oljepengebruken, slik at vi landar under handlingsregelen.

Samtidig har Noregs Bank varsla at ei renteheving er like om hjørnet. Allereie i rentemøtet ti dagar etter valet kan sentralbanken kome til å setje opp renta frå dagens nullrente, det rekordlave nivået som vi har hatt sidan mai i fjor.

Begge deler inneber ei naudsynt innstramming.

Held vi fram med ein for ekspansiv økonomisk politikk, både finanspolitisk og pengepolitisk, vil det kunne vere skadeleg for norsk økonomi og norsk næringsliv si konkurranseevne.

Då koronakrisa ramma landet var det viktig at kraftfulle krisetiltak vart rulla ut raskt. Med ei velfylt oljelommebok og statsfinansar i toppklasse sjølv i europeisk samanheng, var regjeringa og Stortinget i stand til å svare ut krisa på ein måte som få andre land har klart.

Enkeltbransjar som transport, overnatting og reiseliv har hatt det tøft det siste halvanna året.

Det store biletet fortel likevel at norsk nærings- og arbeidsliv har kome lettare frå krisa enn mange andre. Arbeidsløysa er på full fart ned, konkurstala er uvanleg lave og økonomien er tilbake på same nivå som før pandemien.

Både sitjande regjering og opposisjonen vil i ein valkamp lett vere freista til å by over kvarandre i lovnader. I eventuelle regjeringsforhandlingar er det også ofte ein veg ut av flokane å kjøpe seg ut av usemje.

I år er det viktigare enn på lenge at det ikkje skjer.

No er det viktig at også den økonomiske politikken kjem seg ut av pandemien. Ein pengefest i valkampen kan elles gi norsk økonomi ein langtids-covid som det kan vere tungt å kome seg frå.