Mange kommunar manglar sjukepleiarar til å fylle planlagde vakter på sjukeheimar og i heimesjukepleien, og dessverre går utviklinga feil veg. Det er få nyutdanna sjukepleiarar som søker seg til den kommunale eldreomsorga, og mange ønsker å slutte. Koronaepidemien har gjort vondt verre.

- Sentrale politikarar langs heile aksen frå venstre til høgre, må bere skulda for at eldreomsorga i dag står i ei trippelkrise, skriv seniorforskar og leiar for Senter for omsorgsforskning ved Universitetet i Sørøst-Norge, Heidi Haukelien, i ein kronikk i bladet Sykepleien. Ho viser til at det er mangel på både kompetanse, kapasitet og tillit.

Samhandlingsreformen har overført fleire oppgåver til kommunane, og dette har forsterka behovet for sjukepleiarar i den kommunale helsetenesta. Liggetida på sjukehus er blitt kortare, og fleire alvorleg sjuke blir overført til kommunane. Mange av dei som tidlegare låg på sjukehus, er no overført til kommunale sjukeheimar, og dei som tidlegare var på sjukeheim, skal no få hjelp i heimesjukepleien.

Mangel på sjukepleiarar fører til at det blir færre hender på fleire oppgåver, noko som aukar belastninga, og risikoen for fleire sjukmeldingar. Dermed blir situasjonen enda verre.

Fleire unge sjukepleiarar har opplevd det skremmande å bli ståande åleine med stort ansvar for mange pleietrengande eldre, og søker seg til andre jobbar. Sjølv om ufaglærte assistentar gjer ein god jobb på fleire område, kan dei ikkje fylle behovet for medisinfagleg kompetanse. Det er mangel på både legar og sjukepleiarar som har spesialisert seg på demens og geriatri.

Eldreombod Bente Lund Jacobsen har ei viktig stemme. Ho har i fleire samanhengar peika på det store behovet for helsefagleg kompetanse i kommunane dersom folk skal kunne bu lenger heime. Det er venta at talet på personar over 80 år vil bli dobla i løpet av dette tiåret, og det er nettopp i denne alderen at folk ofte får samansette sjukdommar. Utan rett kompetanse, er det vanskeleg for helsearbeidarar å tolke symptom og gi rett behandling. Det gir derfor grunn til stor uro at kommunane allereie i dag har problem med rekrutteringa.

For å snu denne negative utviklinga, er det behov for mange ulike tiltak. Auka grunnbemanning, og betre arbeidsvilkår for sjukepleiarar i sjukeheimar og heimesjukepleie, er to av dei. Det må bli meir attraktivt å jobbe i eldreomsorga. Bemanningskrise rammer både pleietrengande eldre som fortener ein verdig alderdom, utslitne pårørande som ikkje får avlasting, og tilsette i eldreomsorga som mest av alt ønskjer å gjere ein god jobb.