Fylkesutvalet i Møre og Romsdal er sterkt kritisk til Statens vegvesen si handtering av tilleggsutgreiinga for kryssing av Romsdalsfjorden. Ein slik kritikk er på sin plass.

No må alle kort på bordet.

Fagetatane må vere uhilda i si utgreiing av saker som skal til politisk behandling. Dei må også opptre slik at det ikkje er grunnlag for å stille tvil om dette.

Avisa Tidens Krav si avsløring av den interne kommunikasjonen i Statens vegvesen og Vegdirektoratet syner at det i alle fall er grunnlag til tvil om det siste i denne saka. Det er alvorleg nok.

Om det i tillegg skulle vise seg at Statens vegvesen har latt vere å svare på oppdraget som er gitt av Samferdselsdepartementet fordi det er lagt partiske føringar, må det få konsekvensar.

Heller ikkje etter avsløringane frå Tidens Krav er det gitt overtydande forklaringar som bidrar til å fjerne denne tvilen. Det er med på å forsterke alvoret.

Dette handlar om tillit og om omdømet til saksutgreiinga og til forvaltninga. Sjølv om trasévalet vart gjort alt i 2014, er sjølvsagt ikkje ei slik tilleggsutgreiing meint som eit politisk skuebrød.

Svara som i denne utgreiinga har vore med som eit viktig premiss i den offentlege debatten og for dei som har gitt sine høyringsuttalar til Nasjonal transportplan.

Ein svekka tillit her vil uansett svekkje legitimiteten til vedtaka som er gjort i etterkant.

Fylkesutvalet ber no samferdselsministeren om å svare på om utgreiingane for konsept- og traséval for ferjefri og oppgradert E 39 Molde-Ålesund er gjort på eit fagleg og uhilda grunnlag.

Om nødvendig meiner fylkespolitikarane også at Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité må sjå på saka.

Eit slikt utspel frå eit tilnærma samla fylkesutval er uvanleg og eit svært sterkt signal.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) må syne at han forstår dette alvoret. Han bør også merke seg at mindretalet i fylkesutvalet, KrF og Høgre, også er svært kritiske, sjølv om dei ikkje ville gå like langt som fleirtalet i konklusjonen.

Tidens Krav si avsløring gir ikkje alle svar i denne saka.

Men nettopp derfor er ein uavhengig gjennomgang heilt nødvendig. Det springande punktet er om Statens vegvesen og Vegdirektoratet har svart på oppdraget frå Samferdselsdepartementet, ikkje om enkelte byråkratar hadde sine private meiningar om utgreiinga.

Det bør Hareide raskt kunne gi tydelege svar på. Gir han ikkje det, må Stortinget sjå han nærare i korta.