Miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn varslar at regjeringa vil starte arbeidet med å gjere det han kallar Sunnmørsalpane til ein av landets nye nasjonalparkar. Området det dreier seg om er i Hjørundfjorden rundt Kolåstind, Myklebustsetra og Standalseidet.

Mange vil med rette kalle dette indrefileten av sunnmørsk fjellnatur.

At dette området om nokre år kan få status som nasjonalpark vil sikre det mot framtidige naturinngrep. Men det vil neppe skje utan diskusjon om kor grensene for verneområdet skal gå.

Normalt tek det tre til fire år å etablere ein ny nasjonalpark. Det er Miljødirektoratet som styrer arbeidet i tett dialog med kommunane som har den innanfor sine grenser.

Ein nasjonalpark skal brukast til friluftsliv og annan aktivitet som ikkje skadar verneverdiane.

Samstundes set vernet klare grenser for inngrep i naturen. Det vil ikkje bli lov å gjere noko som kan redusere eller øydeleggje verneverdiane. Difor vil det ikkje bli lov å bygge nye vegar og hytter, eller regulere vassdraga.

Det er også her dei fleste konfliktsakene kjem i arbeidet med å etablere nye nasjonalparkar. Slik kartet er teikna for Hjørundfjorden vil store areal rundt Myklebustsætra og Standalseidet vere innanfor verneområdet. Dermed er desse områda også utelukka som framtidige hytteområde.

Også ei rekkje eldre seterstølar ligg innanfor det føreslåtte verneområdet. Vern av kulturlandskap og stølar er brukt som ei av grunngjevingane for etablering av nasjonalparken.

Rundt 10 prosent av arealet på fastlands-Norge er i dag verna som nasjonalparkar. Dette er fordelt på 40 parkar. No ynskjer regjeringa å auke dette med 10 nye nasjonalparkar.

Tap av naturmangfald er eit betydeleg globalt problem. Også her i landet ser vi eit press i einskilde område om å ta i bruk urørt natur til hyttebygging og nye anlegg for turisme.

Dette vil ganske sikkert også bli ein diskusjon i Ørsta. Bruk av eldre støylar, utbygging av småkraft og tilrettelegging for nye hytteområde vil ganske sikkert bli stridssaker når diskusjonen kjem om kor grensene for den nye nasjonalparken skal gå.

Her må ein vege ønska til utbyggarar og grunneigarane opp mot den meirverdi som ligg i at vi får ein ny nasjonalpark i vår region.

Hjørundfjorden er ei perle for naturbasert turisme.

I det ligg det også ein stor gevinst å få etablert ein ny nasjonalpark.