Regjeringa sitt framlegg til ny oljeskatt har blitt tatt godt imot av næringa, men kan likevel ha blitt den endelege spikaren i kista for Erna Solberg sin draum om fire nye år som statsminister.

Her ser ho ut til å ha undervurdert effekten.

Ikkje har framlegget ført til at miljøveljarar har vandra tilbake til regjeringspartia. På same tid vart dette saka Sylvi Listhaug trengde i ein valkamp der Frp sleit med å finne vinnarsaka.

Ein kan godt stille spørsmål ved Frp si analyse av skatteframlegget. Der oljeselskapa, næringsorganisasjonane og økonomiske fagmiljø valde å bruke tid før dei uttalte seg, skaut Listhaug rett frå hofta mindre enn timen etter framlegginga.

Ho skulda Høgre for å sende verdiane ut av landet til oljesjeikane i Midtausten, og spådde tap av arbeidsplassar.

Etter dette har Frp teikna biletet av seg sjølv som oljenæringa sin siste forsvarar. At dette er ein bodskap som har gått inn hos mange syner meiningsmålingar frå oljefylka i vest. Høgre fell vidare på målingane for Møre og Romsdal og stupte kraftig i Rogaland.

Langt på veg er framlegget om omlegging av oljeskatten det næringa sjølv har etterspurt lenge. Fleire av dei store selskapa, Norsk olje og gass og NHO er blant fleire som har støtta hovudpunkta i framlegget. På kort sikt vil oljeselskapa kome gunstigare ut, men dette vil jamne seg ut etter kvart.

Eitt resultat vil bli at det vert mindre oljeleiting.

Den viktigaste årsaka til dette er at selskapa må ta større risiko sjølv. Det blir ikkje lenger slik at oljeselskap kan drive fram ulønsame leiteprosjekt subsidiert med skattebetalarane sine pengar.

Skatteopplegget er på ingen måte noko som er snikra saman i full fart i ei Høgre-valbod. Her er det gjort grundig arbeid over lang tid av økonomane i Finansdepartementet. Omlegginga var også tema då Høgre, Frp, Venstre og KrF forhandla om Granavolden-plattforma.

Det taler imot påstanden om at dette var regjeringa sitt desperate klimautspel i valkampen,

Tidspunktet dette vart lagt fram på, kan likevel vere valt for å vinne klimaveljarar. I så fall har regjeringspartia grundig feilvurdert effekten. Kunne ein ikkje fått fram dette før, hadde det vore meir taktisk klokt å leggje det fram saman med statsbudsjettet.

Ei omfattande skatteomlegging er tungt fordøyeleg kost sjølv for fagøkonomar.

For den jamne veljar kan den likne meir på ein handgranat utan sikring. At den ikkje er armert og skadeleg får vi først vite lenge etter valet. Fram til då kan den skape meir uro enn ro.