Om få veker vil Jonas Gahr Støre (Ap) legge fram den politiske plattforma for si nye regjering. Der bør dei politiske omkampane få minst mogeleg plass.

Framtida blir ikkje skapt gjennom omkampar om lensmannskontor, kommunegrenser og gjenoppretting av lokale skattekontor.

Skal vi jamne ut gapet mellom by og distrikt, må vi utvikle – ikkje reversere.

Alt tyder på at sonderingane Støre er i gang med no, endar med at han vil stå på Slottsplassen fredag 15. oktober med ei raud-grøn trepartiregjering.

Til skilnad sist dei tre partia hadde makt, har juniorpartnarane SV og Sp vokse seg sterkare. Ap er sterkt svekka.

Det vil også setje sine spor i den politikken som blir ført. Skremt av Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sin store framgang, har Arbeidarpartiet for lengst fått det travelt med å blankpusse det gamle slagordet «By og land. Hand i hand».

For eit fylke som Møre og Romsdal vil eit sterkt fokus på distriktspolitikk vere viktig og eit gode. Ikkje fordi vi har eit treng å stå med hatten i handa og be om almisser, men fordi vi er avhengig av rammevilkår som gir rom for utvikling.

Fylket har unike føresetnader.

Som eit kystfylke bør vi ha mål om å sitje i førarsetet i utviklinga av Norge sine framtidsnæringar, havnæringane. Næringslivet har kompetansen og ein nærleik til ressursane som gir unike konkurransefortrinn.

Skal desse næringane få ta spranget vidare inn i framtida, treng vi ein aktiv næringspolitikk som tar den maritime næringa gjennom det grøne skiftet. Vi treng ein fiskeripolitikk som gir føreseielege og stabile rammevilkår.

Svara på Distrikts-Noreg sine utfordringar ligg ikkje i fortida.

Leitar vi der finn vi ikkje strukturane og dei politiske løysingane som gir utviklingskraft. Det betyr ikkje at reformene som Solberg-regjeringa gjennomførte var perfekte. Vi treng vidare forbetring.

Kommunane i Møre og Romsdal treng ei styrking av økonomien for å kunne levere gode tenester og skape bu- og etableringslyst. Politi og sjukehus må også ta nye steg for å levere tryggleiken folk i distrikta har krav på.

Vi må også halde oppe satsinga på samferdsel.

Betre vegsamband som knyter saman bu- og arbeidsmarknadar er ei investering i framtidig verdiskaping.

Tilbakeflytting av gamle kommunegrenser og nye skilt på gamle lensmannskontor er ikkje svaret på dei utfordringane distrikta står overfor.

Fasiten på korleis gamle strukturar og arbeidsmåtar verka, den har vi allereie. Desse strukturane var skapt for fortida. No må vi skape løysingar for framtida.