Nær 200 direktørar i dei 36 helseføretaka i landet tener meir enn helseministeren i Norge. Rundt 70 av dei har høgare løn enn statsministeren si på 1,7 millionar kroner.

Ein slik lønnsgalopp er umusikalsk i eit helsevesen der andre må nøye seg med applaus som takk for ekstra innsats.

Likevel er ikkje dette eit argument for å skrote helseføretaksmodellen.

Klassekampen har gått gjennom årsrekneskapa frå alle dei offentlege helseføretaka, både regionale og lokale. Tala tyder ikkje på at moderasjons-lina har vunne terreng dei seinare åra.

Nokre av desse stillingane er svært ansvarsfulle og krevjande, og lønn er heilt klart eit verkemiddel i rekrutteringa. Men at så mange blir plasserte over helseminister og statsminister i lønn, er likevel problematisk.

Det er ikkje direktørmangel som rir sjukehusa som den største mara.

Allereie no manglar det norske helsevesenet fleire tusen sjukepleiarar. I løpet av dei neste 15 åra kan dette talet klatre opp mot 28.000 om det ikkje blir tatt kraftfulle grep der både heving av status og løn må med i verktøykassa.

Likevel er det altså på direktørnivået helseføretaka klatrar raskast oppover lønsstigen, frå toppleiarar til økonomi- og kommunikasjonsdirektørar. Slett ikkje alle av desse kan påberope seg like stort ansvar og arbeidspress.

At det skal vere meir krevjande enn å vere helseminister må i alle fall vere vanskeleg å forstå sett frå golvet i ein sjukehuskorridor.

Føretaksreforma i 2001 har avla mange nye direktørar på ulike nivå i helseføretaket. Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Senterpartiet hevda i Politisk kvarter på NRK måndag at også lønnsutviklinga på dette nivået i føretaka er eit resultat av reforma.

Når sonderingane mellom Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet går over i regjeringsforhandlingar, vil skroting av helseføretaksmodellen bli lagt på forhandlingsbordet. Både SV og Sp har programfesta at dei vil skrote denne modellen. Støtta til modellen er heller ikkje unison blant dei andre partia på Stortinget.

At Sp og SV skal få gjennomslag, er likevel lite truleg.

Det er mange ting å kritisere helseføretaka for, slik som sentralisering av makt og spesialfunksjonar, inflasjon i direktørstillingar og -lønningar. Tida er overmoden for ei grundig evaluering og opprydding.

Før ein skrotar ein styringsmodell, må ein likevel ha eit betre alternativ å erstatte den med.

Her slit både Sp, SV, Rødt og Frp – partia som klarast går inn for skroting.

Klassekampen har gått gjennom årsrekneskapa frå alle dei offentlege helseføretaka, både regionale og lokale. Arkivfoto: Staale Wattø Foto: Staale Wattø