Om vi lar heile den norske kraftdebatten handle om kva effekt kraftkablane til utlandet har på prisen, går vi glipp av det viktigaste. Vi er for sårbare.

At vi har overskot på straum dei fleste dagar og fleste år, hjelp lite.

Hadde vi stoppa all straumutveksling med utlandet, kunne vi sikkert hatt litt billegare straum i gjennomsnitt. Kraftkrisene og prissjokka ville i staden ha kome oftare og vore større. Då er gjennomsnittet ei dårleg trøyst.

For mange husstandar kan kraftrekningane den komande vinteren bli krevjande for privatøkonomien. Også store delar av næringslivet vil få auka kostnader. For dei som allereie slit med dei økonomiske etterverknadane etter pandemien, blir dette ekstra tøft.

Ein svært tørr sommar er ei av dei viktigaste årsakene.

Fyllingsgraden i magasina til kraftverka er unormal lav. Samstundes er det høge energiprisar elles i Europa, og dette har sett ekstra fart i den norske eksporten. Det er likevel ikkje denne eksporten som er problemet.

Vi har hatt fleire kraftkriser dei siste tiåra. Sjokkprisar og trugsmål om kraftrasjonering hang over norske forbrukarar i tørrår som til dømes både i 1996, 2003 og 2006.

Ropet om statleg regulering og stopp i eksporten har kome kvar gong.

Ser vi på statistikken for dei siste 30 åra etter dereguleringa av kraftmarknaden, ser vi også at både produksjon og eksport av straum har auka – stort sett til glede for både forbrukarar og norske krafteigande kommunar. Men altså ikkje alle år.

I åtte av dei første 20 åra etter krisa i 1996 var det importoverskot, med topp i kriseår som 2003 og 2010. Utan denne importen ville prissjokket desse åra vorte endå verre og faren for kraftrasjonering endå større.

Bedre overføringsnett innanlands har saman med auka produksjon og auka kraftutveksling med utlandet gjort oss mindre sårbare for slike svingingar.

Men altså ikkje heilt usårlege.

Utsiktene framover er slett ikkje berre gode. Både i Norge og hos våre europeiske naboar vil det skje ei enorm elektrifisering dei komande tiåra parallelt med at fossile energikjelder blir fasa ut. Samstundes kjem nye industrisatsingar basert på fornybar energi.

Vi kan ikkje møte ei slik utvikling med ein el-marknad som står i jamlege kriser.

Vi treng altså alle stabiliserande tiltak. I tillegg må vi byggje ut nye fornybare og fossilfrie energikjelder raskare. Med den takta vi har i dag, marsjerer vi mot nye kriser.

Stryper vi utvekslinga med utlandet, kjem vi dit raskare.