I større grad enn i svært mange av våre naboland eig nordmenn sin eigen bustad. Det er resultatet av ein politikk som har ligge meir eller mindre fast i over 75 år.

Så langt har dette redusert ulikskap og vore sosialt utjamnande.

Utviklinga gjer at dette no kan vere i ferd med å endre seg.

Lista for å kome seg inn i bustadmarknaden blir lagt stadig høgre. Resultatet kan bli større ulikskap og større sosiale skilnader.

Eiendom Norge sin siste prisstatistikk syner at prisane steig litt sterkare enn normalt for september. Effekten av at Noregs Bank har varsla ein gradvis renteauke i dei næraste par åra ser så langt ikkje ut til å ha sendt sjokkbølger inn i bustadmarknaden.

For året ser prisveksten ut til å bli i underkant av 7,5 prosent.

Det vil i så fall vere noko i underkant av fjoråret, eit godt stykke under toppåra men likevel godt over normal pris- og lønnsutvikling.

Å eige og investere i bustadmarknaden er normalt god butikk. Kjøp av ei leilegheit til tre millionar for rundt ti år sidan, vil på desse ti åra ha gitt to millionar kroner i «gevinst» – eit beløp som svarar til over 16.000 i sparing kvar månad.

Dette er landsgjennomsnittet.

I pressområde og attraktive bydelar vil månadleg prisstigning ha vore langt større. For ein normal husstand vil investering i eigen bustad altså ha vore ei gunstig investering med solid avkastning heilt sidan tidleg 90-tal.

For dei som står utanfor bustadmarknaden er det ikkje like attraktivt. Den såkalla sjukepleiarindeksen – målet for kor stor del av bustadane ein sjukepleiar med normalt god lønn kan få finansiert, er ein god illustrasjon.

Berre ein til tre prosent av bustadane i Oslo og omland er oppnåelege.

For einslege utan høg løn, stor arv eller foreldrekapital i ryggen, blir derfor berre dei minst attraktive stroka eller leigemarknaden alternativet.

Slik blir økonomisk ulikskap sementert eller forsterka, både sosialt og geografisk. I Danmark legg no den sosialdemokratiske regjeringa opp til storstilt offentleg bustadbygging for å motverke dette.

Eiendom Norge gjekk rett etter valet ut med ei bøn om at ei ny regjering må stille på Slottsplassen med ein eigen bustadminister. I valkampen var dette også noko SV fronta.

Ein ny bustadpolitikk er viktigare enn ein ny statsrådspost.

Når dei verktøya som skulle gjere det lettare for folk å eige sin eigen bustad har vorte prisdrivande, slik at dei er drivarar for å skape større skilnadar og utanforskap, er det nødvendig å tenkje nytt.