Senterpartiet har fått gjennomslag for å berge deler av kontantstøtta, og det er ein viktig siger for småbarnsfamiliar som har frykta at ordninga skal forsvinne. I Hurdalsplattforma blir det slått fast at kontantstøtte skal vidareførast for barn mellom 12 og 18 månader, men fjernast for barn mellom 18 og 24 månader. Senterpartiet ville behalde dagens ordning, medan Arbeidarpartiet ville fjerne støtta, og så har dei landa på ei mellomløysing.

I eit intervju med Klassekampen seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) at det er på tide at kampen mot kontantstøtta blir lagt død, og det har ho heilt rett i. Med den nye modellen er det ingen som får kontantstøtte i meir enn seks månader, med mindre dei ventar på ein barnehageplass dei har søkt om å få. Sjølv innbitne motstandarar av kontantstøtta bør kunne leve med det.

Barn utviklar seg i ulikt tempo, og ikkje alle passar inn i den tidsplanen som staten legg opp til. Enkelte barn seier sine første ord når dei er åtte-ni månader, medan andre ventar til dei er 15–16 månader. Begge deler er innanfor normal språkutvikling. Det er foreldre som kjenner barnet best, og veit kva barnet er klart for. Med dagens kontantstøtte kan foreldre utsetje barnehagestarten, eller velje gradert ordning som gjer det mogleg med kortare dagar. Dersom det i staden for kontantstøtte blir innført ventestønad frå barnet er eitt år, vil denne moglegheita falle bort, fordi familien då ikkje kan velje noko anna enn fulltids barnehageplass – med mindre dei har feit lommebok.

I gjennomsnitt er norske eittåringar i barnehagen åtte timar fem dagar i veka, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Enkelte psykologar har hevda at eittåringen kan ta skade av så lange dagar i barnehagen. Dei første leveåra skjer det ei forrykande utvikling i barnets hjerne, som får betydning for evna til sosiale og kjenslemessige funksjonar resten av livet. Trygg tilknyting til ein omsorgsperson er heilt avgjerande for eittåringen. Dette er det lite merksemd om. Samfunnsdebatten bør derfor også handle om kva som er best for dei minste barna.

Både barn og familiar har ulike behov. Har du kontorjobb i ein by, er behova for å få kvardagen til å henge saman annleis enn om du jobbar på ein ringnotsnurpar. Undersøking viser at bruken av kontantstøtte er høgast mellom mødrer i jordbruks- og fiskeyrke, og i yrke utan krav til utdanning. Det er færrast brukarar av kontantstøtte mellom mødrer i akademiske yrke og leiarstillingar, og det er i desse gruppene motstanden har vore mest høglydt. For skattebetalarane betyr det lite kva ordning småbarnsforeldre vel å bruke. Medan ein barnehageplass kostar staten over 10.000 kroner i månaden, er kontantstøtta på 7500 kroner.

For tida er det fleirtal på Stortinget for å skrote ordninga med kontantstøtte. Vi meiner modellen som Senterpartiet og Arbeidarpartiet er blitt einige om, er eit godt kompromiss.