Det er både gledeleg og fortent at Sula kommune er nominert til «Leve hele livet-prisen» for sitt arbeid med palliativ plan. På dette området er Sula ein føregangskommune som er blitt lagt merke til nasjonalt, og som inspirerer andre til å jobbe målretta med å auke livskvaliteten til personar som er uhelbredeleg sjuke.

Palliasjon betyr aktiv lindrande behandling og omsorg. Sjølv når alt håp om å bli frisk igjen er borte, kan livet vere godt å leve. Palliativ plan er eit dokument som pasienten er med på å utarbeide saman med helsepersonell. Dokumentet skal sikre godt samarbeid og tilrettelegging av tiltak, slik at både pasient og pårørande kan oppleve tryggleik i ein vanskeleg situasjon.

I 2011 søkte Sula kommune om prosjektmidlar frå Helsedirektoratet for å drive med kompentaseheving innan palliasjon. Kreftkoordinator Tanja Alme såg behovet for å jobbe meir systematisk med dette temaet, og fekk utvikla dei første planane. Seinare tok ho initiativ til samarbeid mellom kommunane i Møre og Romsdal, og det vart oppretta ei ressursgruppe med representantar frå både kommunane og helseføretaket. Innføring av palliativ plan i heile fylket, har mellom anna redusert unødige innleggingar i sjukehus. Når pasienten sjølv ønskjer å få døy heime, blir forholda lagt til rette for det.

Ressursgruppa for palliativ plan i Møre og Romsdal har i samarbeid med Helseinnovasjonssenteret og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester, nyleg laga ein film som viser korleis slike planar også kan brukast for pasientar med demens.

Filmen viser kor viktig det er å vere tidleg ute med å planlegge tiltak. Dersom den demente i ein tidleg fase av sjukdommen har uttrykt ønskje om å kome på sjukeheim når han treng meir hjelp, blir det lettare for dei pårørande å takle situasjonen den dagen institusjonsplass blir nødvendig. Det er av stor verdi at pasienten kan vere med på å fortelje kva som er viktig for han eller ho, og at dette er nedfelt i ein plan før det kognitive sviktar.

«Å leve hele livet-prisen» skal gå til ein kommune som har jobba spesielt godt med å involvere innbyggarane i spørsmål som gjeld eldreomsorg. Dei andre kommunane som er nominerte er Oslo, Bømlo, Asker, Gjøvik, Vefsn, Sandefjord og Flekkefjord. Vinnaren skal kårast på ein konferanse 17. november. Uansett kven som får prisen, meiner vi Sula fortener merksemd for sitt nyskapande arbeid med å heve livskvaliteten til sårbare pasientgrupper. Derfor er det all grunn til å gratulere kommunen med nominasjonen.