Den nye kulturministeren, Anette Trettebergstuen (Ap) har uttalt at mediepolitikk er noko av det ho vil bruke mest tid på i tida framover, og det lovar godt. Ho vil prioritere arbeid med mediemangfald og ytringsfridom, og ønskjer å lage ein felles nordisk front i kampen mot tech-gigantar som Facebook og Google. Desse globale selskapa har stor makt over folks liv, legg føringar for samfunnsdebatten, tener milliardar av annonsekroner og sensurerer ytringar, utan at nokon blir stilt til ansvar. Samtidig er dei lite opne om eigen bruk av data, og betaler ikkje skatt i dei landa dei opererer i.

Varslaren Frances Haugen sine avsløringar har sett fart i debatten om regulering av Facebook. Haugen, som er ein tidlegare produktleiar i Facebook, lekka interne dokument til The Wall Street Journal. Dei interne rapportane viser at Facebook forstår godt at selskapet bidreg til netthat, desinformasjon og uro i samfunnet, og at måten algoritmane fungerer er til skade for barn og unge. Algoritmane er justert slik at dei skal utløyse kjenslemessige reaksjonar, og hat er noko av det som er lettast å skape. Hatefulle ytringar kan spreie seg fort, og det gir mange annonseklikk og store inntekter for selskapet. Algoritmane sørger for at folk får stadig nye innlegg med synspunkt dei har likt tidlegare, og dermed kan det skapast ekkokammer utan motførestellingar.

Dersom algoritmane blir justert i tryggare retning, så vil Facebook tene mindre pengar, og heile forretningsmodellen blir svekka. Det får enorme konsekvensar når eit så stort selskap prioriterer profitt høgare enn tryggleik i samfunnet. Frances Haugen skal ha ros for at ho har fått fram samfunnsviktig informasjon, som Facebook har prøvd å halde hemmeleg.

Det er blitt snakka i årevis om behovet for å regulere globale medie- og teknologigigantar, men lite er oppnådd. Regulering bør ha som mål å verne dei positive sidene ved sosiale medium, som gir folk fleire plattformer for ytringar, men samtidig ta eit oppgjer med dei destruktive sidene som svekker demokrati, ytringsfridom og andre menneskerettar. Årets to nobelprisvinnarar, journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov, har dokumentert godt konsekvensane av at det blir spreidd løgner, falske påstandar og trugsmål via sosiale medium.

For tida går det føre seg viktig arbeid i EU om konkurransevilkår, og i OECD om skatteprosessar for desse teknologiselskapa. Trettebergstuen ønskjer at dei nordiske landa skal stå saman og vere aktive i prosessane, og det meiner vi er eit positivt initiativ. . Norge tek over formannskapet i Nordisk ministerråd frå nyttår, og då blir dette eit viktig tema.