Klare køyrereglar er naudsynt for å få ei korona-trøytt befolkning til å halde oppe smittevern-innsatsen. Kommunale krav om koronapass er ein slik regel.

Å berre be folk om å vere forsiktige, er ikkje det.

I alle fall ikkje når ein ber folk halde avstand, men samstundes oppmodar dei om å gå på konsert, fotballkamp eller julebord som normalt.

Eit slikt sprik i kommunikasjonen er så stort at den er dømd til å feile.

To gongar denne veka er det registrert over 2.000 koronasmitta i Norge. Så høge smittetal har vi ikkje sett tidlegare i pandemien.

Likevel slepp vi at det blir slått full alarm. Forklaringa er først og fremst vaksinen.

Vi slepp trass dette ikkje unna eit skjerpa smittevern. Koronasmitten, RS-viruset, kø av utskrivingsklare pasientar og ein komande influensasesong gjer at vi må ha høg beredskap.

I denne situasjonen har fleire kommunar skjerpa sine smittevernråd. Meteren er innført att, munnbindet skal på og talet på nærkontaktar skal ned.

Ålesund og Tromsø er blant dei som har gitt nye råd.

På same tid blir folk på same tid bedne om å gå på konsert, konferanse og fotballkamp som normalt. Også statsminister Jonas Gahr Støre «inviterte» til julebord under fredagens pressekonferanse.

Motivet for eit slikt sprik i kommunikasjonen er å skåne kulturliv, næringsliv og idretten for konsekvensane av smittevernråda. Og motivet er godt.

Problemet er at ein ber folk om det umoglege.

Når ein har kjøpt fotball-billett saman med 6.500 andre på nummererte plassar eller bestilt bord i ein stappfull restaurant kan ikkje den enkelte ta ansvar for å halde avstanden.

Smittevernråda må bli oppfatta som fornuftige, logiske og gjennomførbare. Er dei ikkje det, vil effekten smuldre bort. Det har vi ikkje råd til.

Nettopp her blir difor krav om koronapass nøkkelen.

Slik kan utelivet, kulturen og idretten operere meir som normalt. Regelen om koronapass er både logisk og enkel å forstå og etterleve.

I Danmark vart kravet til koronapass innført att i går som eit nasjonalt tiltak. I Norge er det kommunar med høgt smittepress som kan stille krav om koronapass.

Dette verktøyet bør kommunane ikkje nøle med å bruke.

Slik kan vi hindre meir inngripande tiltak som blir tunge å bere både for folk og næringsliv.

Får kravet om koronapass fleire til å vaksinere seg, er det ein bonus. Vaksinen er framleis vårt viktigaste våpen mot pandemien.