Nok ein oppdrettspioner på Sunnmøre har forlate merdekanten. Nok eit hovudkontor i ei av dei største norske eksportnæringane har meldt adresseforandring. Nok eit stykke avgjerdsmakt er flytta ut.

Møre og Romsdal og Sunnmøre har kome til kort i den sterke konsentrasjonen eigar- og selskapsstruktur i næringa dei siste tiåra.

Utviklinga er eit tap for ein av dei sterkaste eksportregionane i landet.

Salet av Vartdal Gruppen til trønderske Måsøval er det hittil siste kapittelet i historia til det sunnmørske oppdrettseventyret. Som for så mange andre i næringa starta deira eventyr på 70-talet.

Frå starten i 1979 har selskapet bygd seg opp frå ingenting til eit heilintegrert oppdrettsselskap som no altså står med ein prislapp på 1,5 milliardar.

Bak dette ligg eit enormt pågangsmot, ei ukueleg gründerkraft, vilje til å satse og ta risiko og like stor evne til tolmodig å byggje stein for stein – og eit sterkt ynskje om å vere sin eigen herre.

No har også dette eventyret fått sitt «snipp, snapp, snute».

At eigarane vel å selje livsverket må ein ha respekt for. Svært mange av pionerane i næringa har teke same avgjerd for lenge sidan. Eigarskapen og selskapsstrukturen i næringa er blitt betydeleg meir konsentrert på få år.

Dei store har skaffa seg eit forsprang på dei små, eit forsprang som berre veks.

Forspranget ligg i både stordriftsfordelar, tilgangen til kapital og kompetanse og evna til å vere i front i utviklinga og implementeringa av ny teknologi.

Med store norske og internasjonale investorar og børskapital i ryggen følgjer det makt i møtet med skjerpa marknads- og myndigheitskrav – i tillegg til oppkjøpsmakt.

I dette kappløpet har sunnmørskapitalen kome til kort i ei utvikling som for alvor tok av i nesten same stund som PanFish gjekk inn i solnedgangen.

I dag er meir enn halvparten av den norske produksjonskapasiteten samla i dei fire største selskapa.

Desse er igjen dominert av like mange eigarmiljø rundt Trondheim/Frøya, Bergen og Oslo.

Møre og Romsdal står sterk på leverandørsida i næringa, og er soleklart leiande i brønnbåtnæringa. Men blant dei større i førsteleddet i det som er den sterkast veksande eksportnæringa i Norge, er no Hofseth International AS åleine att med adresse på Sunnmøre. Målt mot dei aller største er også dei små.

Vi bør som sagt ha respekt for dei som vel å selje seg ut av det dei sjølve har bygd opp. Likevel må det vere lov til å slå fast at denne forvitringa av det sunnmørske oppdrettsmiljøet er eit tap for regionen.

Avgjerdsmakt blir flytta ut. Den får vi ikkje tilbake.