Talet på konkursar i Norge er det lågaste sidan 2007, året før finanskrisa. Sett under eitt har dei to pandemiåra eit fall i konkurstala på 25 prosent samanlikna med 2019.

I Møre og Romsdal er fallet endå større.

Dessverre er ikkje dette utelukkande godt nytt. Framleis heng det eit trugsmål om ein tung bakrus over denne statistikken.

Når ei stor økonomisk krise slår inn midtskips i næringslivet, vil den naturlege konsekvensen vere at fleire bedrifter enn normalt ikkje lenger klarer å halde seg flytande. Dette har så langt ikkje vore resultatet av koronakrisa.

Årsakene er fleire.

Den viktigaste er at store delar av næringslivet henta seg kjapt inn att etter at det hadde rista av seg det første koronasjokket våren 2020. Norske bedrifter halte inn rekordresultat i 2020, og ingenting tyder på at 2021 vil skilje seg ut negativt.

Samtidig er soliditeten til næringslivet svært god, slik at bedriftene er i stand til å ri av ein brottsjø. Ser vi bort frå dei mest kriseråka sektorane som reiseliv, transport og kulturnæringane, er det i dag altså god fart i norsk økonomi.

Det er i tillegg liten tvil om at massive statlege krisepakkar har spelt ei viktig rolle.

Utsett skatterekning, kompensasjon for tapte inntekter, statleg lånegaranti, nullrente, lønnsstøtte og redusert kostnader ved permittering er tiltak som skulle skjerme bedrifter og tilsette og hindre ein økonomisk bråbrems. Livskraftige bedrifter skulle bergast.

Naudsynt hastverk gjorde at tempo vart prioritert framfor presisjon då ordningane først vart rulla ut.

I tillegg kom press frå partane i arbeidslivet og eit fleirtal i Stortinget som plussa på milliardpakkane. Alt i alt kan dette ha gjort sitt til at mange bedrifter som elles ville ha slite med å overleve, har fått eit ekstra livsforlengjande pusterom.

I den akutte krisa var det truleg viktigare å hjelpe for mange heller enn for få over kneika. Når vi etter kvart nærmar oss ein normal kvardag, bør vi likevel vere budd på at konkurstala også blir meir normale.

Konkursar er ein ventil i økonomien, og ofte ei naturleg avslutning på satsingar som ikkje lenger er levedyktige.

Vi må skilje mellom slike konkursar og konkursar som er eit direkte resultat av sjokket som råkar økonomien i ei krise. Det siste er det gode samfunnsøkonomiske argument å verne oss mot.

Det første er tvilsam bruk av skattepengar, og kan bremse ei naturleg omstilling og fornying av næringslivet.