Sunnmørsposten meiner:

«Oljefesten er ikkje over»

Høge inntekter: Tala frå Oljedirektoratet fortel at 2021 vart eit år med historisk høge petroleumsinntekter for Norge.  Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB

Leder

Staten sine inntekter frå olje og gass er på eit historisk høgt nivå. Den norske oljefesten er ikkje slutt. Det er kake igjen.

Men ingen fest varer evig.

Vi må nytte både tida og inntektene godt. Vi må raskt gi økonomien fleire bein å stå på, og investere pengane i omstilling for framtidig verdiskaping. For snart kan vi stå att med berre smular på kakebordet.


Oljedirektoratet: Rekordhøge inntekter frå norsk sokkel

Dei statlege inntektene frå petroleumsverksemda er på eit historisk høgt nivå, mykje som følgje av rekordhøge gassprisar. Oljedirektoratet ventar ein høg og stabil produksjon dei neste åra.


For to månader sidan snakka alle om utfasing av fossile energikjelder på klimatoppmøtet i Glasgow. Statistikken og spådomane frå Oljedirektoratet i dag fortel ei litt anna historie.

Høg etterspurnad og høge priser gir gode inntekter i dag.

Nye funn og felt gjer også at produksjonen vil auke dei neste åra. Investeringane er store, trass i ein liten tilbakegang i fjor. Fram mot 2025 ventar direktoratet at dei vil stige igjen.


Norsk olje og gass venter vedvarende høyt investeringsnivå på norsk sokkel

Bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass tror på en nedgang i investeringene på norsk sokkel i 2022, men venter videre en økning fram til 2026.


Etterslep i investeringar og forsyning som resultat av oljekrisa i 2014 og covid-sjokket i 2020 pregar framleis marknaden for gass og olje.

Verdsøkonomien henta seg kjappare inn etter covid-sjokket enn venta.

Korkje oljelager eller opptrappinga av produksjon var rusta til å halde tritt med den veksten i etterspurnaden som dette gav.

I dei fleste land merkar dei dette som energikrisa.

For oljenasjonen Norge er det gull.


Kraftoverskotet kan bli oppspist innan fem år: – Noreg vil bli akterutsegla

Auka forbruksplanar og små produksjonsaukar vil i løpet av fem år viske ut kraftoverskotet i Noreg på 10 prosent, meiner Statnett.


På mellomlang sikt er det ikkje noko som tyder på ein ny smell. Oljenæringa er i ein ny toppsyklus som vil setje spor både i investeringar og prisar i åra som kjem.

Prisane spådd til å vere høge i lang tid, sjølv om forbruks-toppen er bak oss. EIA (US Energy Information Administration) forklarer dette mellom anna med at andelen med oljefelt med rimeleg produksjon krympar.


Medier: EU vil merke gass som «grønt»

EU-kommisjonen foreslår at naturgass og atomkraft må regnes som miljøvennlig energi, ifølge flere medier.


EU kan også kome til å lene seg endå meir mot gass som energikjelde i si utfasing av kol. EU-kommisjonen vurderer enno å klassifisere gass som berekraftig energi – i alle fall på kort sikt. Norge er i dag den nest største eksportøren av gass til EU.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kan altså trygt forskottere med solide inntekter frå sokkelen både i budsjett og neste perspektivmelding.

Å ture fram som før er likevel farleg.


Thina Saltvedt til fiskebåtrederne: – Er lei av at vi ser på energiskiftet som en trussel

Drivstoff, klima og miljø var et hovedtema på Fiskebåt Vests årsmøte. Havfiskeflåten, banker og leverandører tenkte høyt sammen om hva som er mulig og ikke.


Alle slike syklusar går frå bølgjetopp til bølgjedalar. Den toppen vi er nær no, kan vere ein av dei siste store i oljealderen. Internasjonale klimakutt og det teknologiske skiftet dreg i same retning.

Oljeavhengige økonomiar må omstille seg raskare enn andre. I denne jobben med å diversifisere norsk økonomi må vi bruke meir av oljeinntektene enn vi har gjort til no.


Opec+ samde om ny auke i oljeproduksjonen

Oljekartellet Opec og allierte land held fram med ein moderat auke i oljeproduksjonen også i februar.


Vi må investere meir framtidig verdiskaping i nye næringar, kompetanse og infrastruktur.

Elles kan bakrusen etter oljefesten bli heftig

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder