LEDER mandag 27. juli 2015:

Facinerande klosterplanar i Valldal

Leder

Første gong det vart snakka om å etablere eit greskortodoks kloster på toppen av Syltefjellet i Valldal vart det oppfatta som ein artig spøk. Noko meir urealistisk kunne knapt tenkjast. Sist veke fortalde Sunnmørsposten om munkar som no er i full sving med å bygge gangveg til klostertomta på Syltefjellet. Målet er å bli ferdig til den 13. august då det skal leggast ned grunnstein for klosteret.

Det er blitt jobba med klosterplanar sidan 1991, og like etter tusenårsskiftet fekk den gresk ortodokse kyrkja skøyte på tomt på toppen av fjellet. Tidlegare ordførar Arne Sandnes har vore ei drivande kraft. Saman med mellom andre Gunnar Stålsett og tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik skreiv han brev til den gresk ortodokse patriarken og uttrykte ønskje om at klosteret på Syltefjellet vart realisert. Planlegginga gjekk inn i ei ny fase for eit par år sidan då klosteret vart underlagt patriarken av Georgia

Elias II, og abbedisse Thavoria vart kalla til Norge for å realisere planane. Framleis er det mykje som må avklarast, ikkje minst finansieringa, før byggearbeidet kan starte Abbedisse Thavoria er eigentleg frå Ørskog. Som 24 åring reiste talentfulle Edel Gillebo til Berlin for å studere kunst. Under eit studieopphald på øya Naxos kom ho i kontakt med den gresk ortodokse kyrkja, og bestemte seg for å bli nonne. I over 20 år har ho budd i kloster i Hellas. I fjor kom ho tilbake til Sunnmøre og etablerte eit førebels nonnekloster i den tomme prestebustaden i bygda Norddal.

Eit viktig element i klosterplanane er Olavstradisjonen i Valldal. Ifølgje Snorre kom Olav den Heilage seglande inn mot Sylte i Valldal i 1029 då ein diger sjøorm gjekk til åtak på han. Kongen fekk kasta ormen så hardt inn i fjellveggen at merket framleis er synleg., Denne gamle forteljinga er ein av årsakene til at det er ønskjeleg med kloster nettopp på Syltefjellet.

Men sin enkle livsstil representerer nonnene i Norddal noko forfriskande alternativt i vårt overflodssamfunn. Ingen tvil om at eit ortodoks kloster på Syltefjellet, dersom det blir realisert, kan bli ein unik attraksjon både for Norddal kommune og resten av Sunnmøre. I ei hektisk oppjaga tid er det mange som søkjer stille i fellesskap med andre. Kvart år dreg til dømes tusenvis av ungdommar til klosteret i Taize i Frankrike for å bruke ei veke i bøn og refleksjon. Eit kloster på toppen av Syltefjellet, med panoramautsikt over fjord og fjell i verdsarvområdet på Sunnmøre, vil vekkje interesse langt utanfor landets grenser.

Sunnmørskvinna, abbedisse Thavoria, fortener støtte frå langt fleire enn dagens støttespelarar. Dette er eit fascinerande prosjekt som kan gi store positive ringverknader for heile regionen, samtidig som den ortodokse kyrkja får høve til å oppfylle sitt oppdrag på Syltefjellet.