Det er positivt at dei nyvalde russepresidentane i Ålesund vil ta grep for å stanse grove handlingar i russetida. Etter at rektorar ved fleire vidaregåande skular har slått alarm, og orientert foreldre om grenselause aktivitetar, er det mange som har reagert. Under russerebusen natt til 17. mai i år fekk deltakarane i oppgåve å utføre seksuelle handlingar. Alt vart filma, og mykje er blitt delt i sosiale medium. Dette er alt anna enn uskuldig moro som ein skal sjå gjennom fingrane med. Tvert om kan det handle om overgrep og straffbare handlingar – sjølv om det aldri var intensjonen.

Russe-rebusen er vanlegvis blitt arrangert av dei som vann rebusen året før. Dette vil årets russepresidentar ha slutt på, og tek sjølv regien. Russ skal ha ros for å ta ansvar, og dei fortener all den støtte dei kan få. Sunnmørsposten skreiv nyleg at kommune, fylkeskommune, politi og frivillige organisasjonar skal samarbeide med russen i år for å unngå at russetida blir noko anna enn den var meint å vere.

Det er vanskeleg for unge å snu denne utviklinga åleine.

Enkelte elevar startar førebuinga til russetida alt på ungdomsskulen, og det blir meldt om utveljingsprosessar, utestenging av elevar, og systematisk mobbing. Mange elevar får vanskar med å delta i skulearbeidet på grunn av russerelaterte aktivitetar, og helsesjukepleiarar har peika på at russetida har negativ innverknad på den psykiske helsa til enkelte. Kommuneoverlege Alexander Wiig seier til Sunnmørsposten at observasjonane frå helsesjukepleiarar og rådgivarar på skulane er såpass dramatiske, at dei må takast på alvor. Det er vanskeleg for unge å snu denne utviklinga åleine.

Tidlegare russepresident i Ålesund, Sunniva Bøstrand, har derfor eit godt poeng når ho seier til Sunnmørsposten at det manglar ei heilskapleg organisering av russetida i Ålesund. Det stemmer at russe-rebusen er blitt drøyare år for år, fordi mange ønsker å overgå fjorårets feiring. Under rebusløpet slår konkurranseinstinktet inn, og mange blir trekte med, eller pressa til å gjere ting som dei kan angre på seinare. Dersom skulane hadde vore meir proaktive, og gått i dialog med elevane for å snakke om kva type russetid dei ønskjer å ha, så kunne ein ha funne nye tradisjonar som er minst like gøy, seier Bøstrand.

Kanskje er det nettopp dette som er i ferd med å skje no. For å kunne løyse eit problem, er første steg å erkjenne at det finst. Å arrangere russefeiring krev mykje hardt arbeid, og kvart russekull startar med blanke ark. Det er behov for erfaringsutveksling mellom russekull, for å lære av det som er bra, og for å unngå dei feila som er gjort tidlegare. Den openheita som har prega debatten dei siste vekene har bidratt positivt, og kan legge grunnlag for ei betre og meir inkluderande russefeiring.