Kjenner du til setninga «Nokon kjem til å kome»? Allereie i 1993 skreiv Jon Fosse sitt første teaterstykke, og tittelen har blitt ståande att som eit slags evig «meme» – altså eit kulturelt uttrykk som spreier seg ved etterlikning eller kopiering.

Det er ikkje berre på Vestlandet at strandebarmingen har etterlate seg solide fotspor. Over heile verda har teaterpublikum og litteraturlesande latt seg imponere over dei litterære kvalitetane hans. Han blir gang på gang samanlikna med Shakespeare og Ibsen. Det er ikkje småtteri.

I år er det 40 år sidan han debuterte med romanen «Raudt, svart», og han har sidan vunne dusinvis, om ikkje hundrevis, av prisar for forfattarskapen sin. Nobelprisen kjem til å kome, har det blitt sagt i dei 22 åra han har vore nominert. I år slo det endeleg til.

Som den første norske forfattaren sidan 1928 har Jon Fosse no vunne nobelprisen i litteratur. Det betyr at vestlendingen har hamna i same eksklusive selskap som til dømes Bob Dylan og Toni Morrison. Det er med andre ord ei internasjonal nyheit, og stas for vår vesle nasjon.

Forfattarskapen til Fosse er oversett til over 40 språk på verdsbasis, men her i Norge er han kanskje aller mest kjent for sitt nære forhold til nynorsk som skriftspråk.

Det er nok ikkje berre tilfeldig. Nynorsken er eit konsist språk med aktive setningar. Det passar perfekt til ein skribent som ønskjer å formidle store kjensler med få ord. Jon Fosse sin skrivestil er unik i måten han evnar å legge vekt på det som står mellom linjene. Ikkje alt er eksplisitt, men gjennom repetisjonar og subtile hint kan lesarane og sjåarane etter kvart bite seg merke i det usagde. I det verkelege liv så er det gjerne også det usagde som kan avsløre omfanget av ubehag i enkelte situasjonar.

Jon Fosse er vestlendingen som vaks opp ved ein fjord, og let seg inspirere av omgjevnadane til å bli ein forfattar av internasjonal rang. Det, og det faktum at han nyttar eit skriftspråk som fleire av oss sunnmøringar ser på som sitt eige, er inspirerande.

Vi er stolte av Jon Fosse, og takknemlege for kva han bidratt med til kulturen vår. Og med Nobels litteraturpris som bevis, er vi heller ikkje åleine i verda om det synet.