Ein renteauke på over fire prosent gjer noko med deg. I alle fall når du allereie har ei gjeld på nær 10 milliardar, og den veks vidare. Når prisveksten i tillegg tar stadig større jafs av det du har å rutte med, blir det tøft.

Dette er den harde kvardagen fylkespolitikarane i Møre og Romsdal står framfor. Og dei kan ikkje vente seg sympati frå regjeringa.

Gamal moro må fylket betale for sjølv.

Fredag presenterte fylkeskommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for neste år og økonomiplan fram til 2027. Hennar bodskap er noko svært mange med store bustadlån kan kjenne seg att i.

Banken skal ha sitt. Og løna veks ikkje like fort som prisen på drivstoff, mjølk og brød. Butikken skal også ha sitt.

Ferieplanar og draumen om ny bil må setjast på vent.

For fylkeskommunen byrjar det no å dra seg kraftig til etter mange år med heftige lånefinansierte investeringar. Skulebygg, nye vegar, nye bruer og nye ferjekaier er ikkje gratis. Ein stor del av dette er lånefinansiert i tider med lav rente.

Fylket har den høgaste gjelda per innbyggar i heile landet, og den minste bufferen å gå på. Og sjølv om styringsrenta frå Norges Bank kanskje er nær rentetoppen, er ikkje fylkeskommunen der. Berre frå i år til neste år vil gjeldskostnadane auke med rundt 110 millionar.

Rentekostnadane åleine utgjer då 410 millionar, og vil vekse vidare.

Fylket kan ikkje ta ekstravakter eller jobbe overtid, slik andre låntakarar kan gjere. Dei einaste inntektene av betydning fylket kan påverke sjølv, er satsane på kollektivtransporten. Men fylkeskommunedirektøren sitt framlegg om å heve ferjetakstane dekkjer på langt nær dei auka kostnadane.

Sparekniven må fram.

Det betyr mindre til samferdel og pengar til skule. Sjølv om Høgre, Venstre, Frp og KrF har lovd å ikkje leggje ned skular, kjem dei ikkje utanom å leggje ned tilbod og kutte i klassar. Og den som ventar på ny asfalt, må vente endå lenger enn før. I tillegg blir investeringsbudsjettet kraftig redusert.

Utanom nye ferjekaier, renovering av bruer og tunnelsikring er ny vidaregåande skule og kulturhus i Ørsta einaste større investeringa fylkeskommunedirektøren har fått plass til i sitt framlegg til økonomiplan.

Ansvaret for at Møre og Romsdal fylkeskommune får det tøffare enn andre fylke, har tidlegare fylkesting. Jobben med å snu dette til noko godt, får det nye fylkestinget. Tar dei den oppgåva på alvor, blir det ikkje rom til mykje ny moro.

Alternativet er likevel verre.

Styrer dei fylkeskommunen inn på Robek, blir ambisjonane om å vere miljøfylke nummer ein eller ein regional utviklingsaktør veldig raskt til tomme ord.