Ei fersk undersøking viser at meir enn ein av ti studentar har, eller har hatt, problem med rus siste året. Det er eit urovekkande høgt tal, og må takast på alvor. Tala kjem fram i Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT) som for første gang kartlegg studentars rusliding. Mannlege studentar toppar statistikken. 15,6 prosent av mennene oppgir at dei slit med rus, medan 11 prosent av kvinnene oppgir det same.

For mange studentar er fadderveka ekstra vanskeleg. NRK skriv om Victoria som vart alkoholikar under studietida. I starten av studietida var det heftig festing og mykje alkohol, og det var forventa at alle skulle delta. Ho hadde problem med alkohol frå før, og under studiet utvikla problemet seg til å bli svært alvorleg. Undersøking viser at mange drikk fordi dei er redde for å gå glipp av noko.

Med rusliding meiner ein psykiske lidingar som oppstår som resultat av problematisk og skadeleg rusbruk, og det omfattar bruk av alkohol, legemiddel eller narkotiske stoff. Det kan til dømes handle om problem med å avgrense drikkinga, eller fysisk avhengigheit med abstinenssymptom som skjelving, angst, søvnproblem og kramper. Alkohol og andre rusmiddel er ekstra skadeleg for unge, fordi hjernen er under utvikling. Fyllekuler i ung alder kan svekke viktige område som hukommelse og sjølvkontroll.

Så mange som 60 prosent av studentane i SHoT-undersøkinga svarte at dei ønska seg fleire alkoholfrie arrangement i studietida. Dette er noko som alle festkomitear bør merke seg. Det positive er at det er blitt meir vanleg å servere alkoholfritt. Ungdata 2023 viser at 27 prosent av unge mellom 15 og 25 vel alkoholfritt på fest. Tal frå Vinmonopolet stadfestar denne trenden. Sal av alkoholfri drikke har dobla seg på dei fem siste åra, og auken held fram. Fenomen som Nolo – som handlar om å ikkje drikke alkohol (No), eller å drikke lite (Low) og «damp lifestyle» har trenda, og gjort det meir sosialt akseptert å drikke mindre. Det er bra.

Forsking viser at det er ein tydeleg samanheng mellom høgt alkoholforbruk og depresjon. Ei norsk undersøking viste at elevar på vidaregåande skule som sleit med depresjon og angst, hadde større alkoholforbruk enn jamaldrande utan slike plager. Jenter som slit med angst er særleg utsette. Talet på unge med psykisk vanhelse har auka sterkt siste åra, og det er mange årsaker til det. Alkohol og andre rusmiddel kan forsterke plagene. Dette er viktig å ta omsyn til, slik at ein kan førebyggje at fleire unge utviklar problem som dei må slite med resten av livet.

Dette er noko som alle festkomitear bør merke seg