På mindre enn tre veker har kapasiteten ved italienske sjukehus blitt pressa mot bristepunktet. Talet på døde passerte før helga 1000 i det første europeiske landet som fekk massive utbrot av koronasmitte.

Utviklinga i Italia understrekar meir enn noko anna kor viktig det er å handle raskt, bestemt og tidleg for å bremse smitten. Like resolutt må vi no ruste opp kapasiteten ved sjukehusa for å behandle dei som blir alvorleg sjuke.

Dei omfattande smitteverntiltaka som vart innført i Norge og andre europeiske land før helga, er eit svar på det første. No gjeld det å vinne også kappløpet for dei som uansett vil trenge intensivbehandling på sjukehus.

På ein pressekonferanse fredag forsikra helsedirektør Bjørn Guldvog at respirator-kapasiteten i Norge er god. I dag har vi berre 250 intensivplassar. Helsedirektøren meiner likevel at det lar seg gjere å etablere 800, eller opptil 1200-1400 plassar, ved å ta i bruk alternativt areal og utstyr frå andre avdelingar.

Helseføretaka er allereie i gang med arbeidet for å frigjere kapastitet. Det handlar både om utstyr og personell. Det siste kan bli det mest krevjande. Helsedirektøren medgir at det kan bli eit problem å skaffe nok personell til alle intensivplassane som må etablerast.

Den utfordringa er Norge ikkje åleine om. Danske helseregionar startar no med å utdanne personell frå andre avdelingar til å kunne bistå i intensivbehandling. Pensjonerte legar og sjukepleiarar med slik erfaring blir bedne om å melde seg.

Alle operasjonar det ikkje hastar med, blir samstundes utsette. Dette blir gjort både for å frigjere fysisk kapasitet og for å frigjere medarbeidarar til å byggje kompetanse på intensivbehandling. Danske helsestyresmakter tørkar også støv av nyleg utrangert utstyr, og jaktar på nytt i ein pressa marknad for sjukehusutstyr.

Slaget mot koronasmitten står snart ved intensivavdelingane. Vi kan ikkje unngå at mange blir sjuke, men for dei fleste er det snakk om milde symptom. Eit stort tal vil likevel måtte leggast inn på sjukehus, og mange av desse vil trenge intensivbehandling i respirator.

Skal vi unngå italienske tilstandar må vi klare å bremse smittespreiinga, slik at vi kan unngå intensivkapasiteten blir sprengt. Det vil også gi oss tid til å bygge kapasitet og kompetanse på sjukehusa. Denne jobben må intensiverast no.

Vi som ikkje står midt i dette, har eitt viktig oppdrag: Å vere lojale i kampen mot smittespreinga.